Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Til oss – fra de eldste»

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 3. februar 2024

Linn Skåber si bok, Til oss – fra de eldste, har vorte teaterforestilling, og torsdag 8. februar klokka 12:00 kan du få den med deg i Storstuå på Surnadal kulturhus. Hør Astrid Overaa fortelje om livet og alt vi må gjera før vi trur det er for seint. Førestillinga er ei «bridgeblanding» av song og musikk, latter og ettertanke. Historiene er, som nemnt, henta frå Linn Skåber si populære bok, og Astrids eigne tankar om å bli eldre.

“De gamle bør være mer med de yngre, slik at de yngre blir bedre yngre, og de gamle bedre gamle”.  

I denne førestillinga får vi høyre ulike historier frå levde liv. Nokon saknar ein å sitte saman med på verandaen og nyte ein Irish Coffee, medan andre lengtar etter vener og slekt som no er borte. Nokon har begynt å gløyme, medan andre kanskje finn kjærleiken i godt vaksen alder. Om dei grip sjansen da? Og nokon håpar at det finst ei brukarrettleiing frå Clas Ohlson eller Gud om korleis ein skal leve som eldre.

“Å se seg i speilet er en overraskelse hver dag. Man forventer å se seg selv, og så kikker en ukjent gammel dame på deg”.         

Til oss – fra de eldste. Foto: Tingh                                                        

Astrid Overaa og Linn Skåber har arbeidd tett saman i mange år. For nokre år sidan fabulerte dei kring livet, døden, kjærleiken – og komande prosjekt. Etter dette har Linn gjeve ut fleire bøker, og sist «Til oss – fra de eldste». – Eg elskar bøkene til Linn Skåber! Og no er eg så heldig at eg får gjera nokre av tekstene til mine, seier Astrid. 

Torsdag 8. februar klokka 12:00 kan vi få oppleve kva ho har fått gjort med tekstene til Linn Skåber i Storstuå på Surnadal kulturhus. Inngang kostar kroner 140,-, og førestillinga er ein time lang og er støtta av «Den kulturelle spaserstokken» (Møre og Romsdal fylkeskommune). 

Billetter til førestillinga kjøper du her

Først publisert: 3. februar 2024, 06:00 - Sist oppdatert: 2. februar 2024, 20:35