Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 1913 artiklar i dette arkivet.


Nypreparerte skiløyper både på Tjønnmyra og nede i bygda

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. desember 2022

Todalen Idrettslag kan melde at det er nypreparerte skiløyper både i lysløypa på Tjønnmyra og nede i bygda, inkludert i Toåa tursti. Det er også trappa trase for å gå på føtene i Toåa tursti.  


Minner om «Romjulsquiz»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. desember 2022

Tysdag 27. desember (3. dag jul) klokka 19:00 inviterer Todalen.no alle til «Romjulsquiz» i Todalen ungdomshus. Quizmastrane har laga spørsmål innafor mange tema, så her er det noko for ein kvar smak. Todalen.no spanderer forskjelleg typar snacks under romjulsquizen. 


Surnadal Taxi informerer

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. desember 2022

Også hos Surnadal Taxi er det snart jul. Skal du ha drosje 24. desember (julaftan) etter klokka 16:00 og fram til 25. desember (1. dag jul) før klokka 10:00, må du førehandsbestille før klokka 16:00 den 24. desember. 


52. årgang av Søyaposten er her

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. desember 2022

Like sikkert som det går mot jul, så dukkar Søyaposten opp i postkassane til dei av medlemmene i I.L. Søya, som bor på Nordvik, og på strekninga Pollen – Stangvik. I år er det altså 52. årgang av Søyaposten. Redaksjonen har bestått av Theodor Glærum, Marit Haugen, Bergsvein Brøske, Geir Forbregd og Kristin Grønnes. 


Ingebrigt Steen Jensen til Halsa

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. desember 2022

Ingebrigt Steen Jensen tilbake til Halsa i Heim kommune, måndag 9. januar 2023. Han kjem for å snakke om den nyaste bok si «Før jeg forsvinner» og det nye livet, han har fått, med diagnosen Alzheimer.  


Toåa tursti – fint å gå, både med og utan ski

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. desember 2022

Ivar Bolme kan fortelje at det no er mogleg å gå heile Toåa tursti, både med og utan ski. Det er brukt snøscooter for å tråkke sjølve turstien, slik at det er mogleg å gå på føtene, medan det på sida av turstitraseen er laga skispor, for dei som heller ønsker å bruke ski.


Opningstider Kårvatn Fjellutstyr jula 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. desember 2022

Jula nærmar seg som kjent med stormskritt, noko som inneber endra opningstider for butikkane. Butikken til Kårvatn Fjellutstyr på Kårvatn vil ha langope 22. desember, mellom klokka 10:00 – 19:00 og 23. desember (lille julaften) mellom klokka 10:00 – 16:00.   


To norgespremierar på Surnadal kino i romjula

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. desember 2022

Romjula er vanlegvis ei populær tid for å ta seg ein tur på kino. Ved Surnadal kino kan dei skilte med to norgespremierar på i romjula. Det er filmane «Kampen om Narvik» og «Folk og røvere Kardemomme by». «Kampen om Narvik» er ein film som eigentleg hadde premiere i 2020, men som har vore utsett på grunn av korona og krigen i Ukraina.  «Folk og røvere i Kardemomme by» er ein animasjonsfilm som bygger på Torbjørn Egner si bok med same namn. 


«Kyrkja vår – Stangvik»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 20. desember 2022

Rykande fersk bok om «Kyrkja vår – Stangvik» har akkurat kome ut. Som nyaste bok om lokalt kyrkjeliv, kom boka i handelen no rett før jul. Boka er skriven av Bernt Bøe i samband med 125-årsjubileet for noverande Stangvik kyrkje. Soknerådet ønskjer med dette å dokumentere levd kyrkjeliv før og no.


Adresse Betlehem

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. desember 2022

Etter eige ønske feira Todalen og Stangvik oppvekstsenter skulegudsteneste måndag. Det vart ein livleg og lærerik time i Stangvik-kyrkja. Før klokkene ringte, fortalte prest Torbjørn Brøske litt om kyrkjerommet. Det er «skipet» med oss alle ombord, på veg gjennom livet, sa han. Og rommet fremst heiter «koret», fordi det var songarane sin plass i gamle dagar.


Opningstider på kulturhuset jul og nyttår

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 18. desember 2022

Julehøgtida nærmar seg med stormskritt, noko som inneber nokre endringar i opningstida på Surnadal kulturhus og biblioteket. Opningstidene som gjeld i jule- og nyttårshelga finn du på eigen plakat nedanfor. 


Julegleda i tonar i Todalen og Åsskard kyrkjer søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. desember 2022

Koret P17 med solistar og orkester inviterer til tonande juleglede i Todalen og Åsskard kyrkjer søndag. Kantaten «I denne søte juletid» toppar eit rikhaldig program. Konserten i Todalen kyrkje tek til klokka 14:00, medan den tek til klokka 19:30 i Åsskard kyrkje.