Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

52. årgang av Søyaposten er her

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. desember 2022

Like sikkert som det går mot jul, så dukkar Søyaposten opp i postkassane til dei av medlemmene i I.L. Søya, som bor på Nordvik, og på strekninga Pollen – Stangvik. I år er det altså 52. årgang av Søyaposten. Redaksjonen har bestått av Theodor Glærum, Marit Haugen, Bergsvein Brøske, Geir Forbregd og Kristin Grønnes. 

Årets Søyapost har førti sider med interessant stoff, både dagsaktuelt og litt historisk, så her er det lesestoff for ein kvar smak. I årets utgåve kan vi mellom anna lese om medaljegrossist Hans Torslett, minner frå skeiseisen på sekstitalet, første skikkelege fjelltur og om ein syklist på tur sørover. Vi kan også lese om fotballsesongen 2022, der det er rapportar frå fleire lag som har spelarar frå Todalen på laget.  

Ved å trykke på lenka Søyaposten 2022, kan du lese den digitale utgåva av årets Søyapost. 

Vi gratulerer I.L. Søya med nok ein fin og innhaldsrik Søyapost!

Først publisert: 22. desember 2022, 14:00 - Sist oppdatert: 21. desember 2022, 20:13