Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «Pop-up» bruktmarked

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. februar 2024

Todalen Idrettslag, kopierer gjengen i Korsen, og inviterer til «Pop-up» bruktmarked i Todalen ungdomshus laurdag 17. februar klokka 12:00 – 15:00. Her kan du leige bord til 100,- kroner og selge ting du ikkje lenger har bruk for, som til dømes: sko, ski og anna sportsutstyr, pene klær, bestikk, dekketøy, bøker, vesker, sekkar, bagar, reiskap og mykje meir. Det einaste du betaler er altså 100,- kroner for å leige bord, resten er ditt! Det er også lov å selge ting du har laga sjølv. Dette er eit godt bidrag til reell berekraft!

Det du eventuelt ikkje får seld, tek du med heimatt! Har du lyst til å melde deg på for å selge noko, så gjer du dette til Elinor Bolme på telefon 901 96 268 eller på epost, innan onsdag 14. februar. Idrettslaget har plass til 15 salsbord, så her er det «førstemann til mølla» som gjeld!

Idrettslaget sel bakels med graut, kaffe og brus. 

Sjå «Pop-up» bruktmarked på Facebook

Todalen Idrettslag ønsker velkommen til «Pop-up» bruktmarked!
 

Medlem i Todalen.no –


Publisert: 2. februar 2024, 11:00