Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Preses, biskop og prost på besøk i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 3. februar 2024

Frå torsdag til i morgon, søndag, er Møre bispedøme og biskop Ingeborg Midtømme vertskap for preses i Bispemøtet Olav Fykse Tveit, som er desse dagane er på nordmørsbesøk. I dag tok dei to, saman med prost Vidar Wilhelmsen Rygh i Indre Nordmøre prosti turen til Todalen. Først var dei innom kaffekroken på Matkroken Todalen for ein uformell samtale og kaffelag, før turen gikk vidare til Todalen kyrkje for aftensong der. 

God stemning rundt kaffeborda. Foto: B G Ansnes

Først var det ei uformell samling i kaffekroken, der rundt 40 peronar møtte opp. Her fekk presesen med følge møte kaffekrokgjengen for å slå av ein prat med dei. Wilhelmsen Rygh opna den litt meir formelle delen av kaffelaget med å seie at å kome til Todalen, var som å kome til sjølve indrefileten.

Mange gode og uformelle samtalar. Foto: B G Ansnes

Terje Nordvik orienterte litt om Matkroken Todalen. Han fortalte at det også tidlegare har vore storfint besøk på butikken også tidlegare, nemleg olje- og energiminister Ola Borten Moe var på besøk for å opne Hals Oil i si tid. Han rosa også fungerande sokneprest Torbjørn Brøske, og gav han mykje av æra for at besøket i kyrkja har så høgt. Han var også klar på at kaffekroken er viktig for det sosiale livet i bygda, da kaffekroken ofte kan vere den einaste sosiale kontakten somme har med andre i løpet av dagen.  

Praten gjekk lett. Foto: B G Ansnes

Neste var Kjell Gunnar Polden. Han rosa Terje Nordvik som kaffekrokvert og ekte todalspatriot, Torbjørn Brøske som prest og slåttakarane på kyrkjegarden, for den innsatsen dei legg ned for å halde kyrkjegarden fin og velstelt. Han rosa også kaffekroken. Her er det mange diskusjonar om både det eine og det andre, og sjølv om det ikkje er så høgt under taket på sjølve kaffekroken, så er det i alle fall høgt oppunder taket under diskusjonane! Han fortalte også at han, og nokre til, øvar på salmane som skal syngast under gudstenestane fleire dagar før gudsteneste. 

Prost Vidar Wilhelmsen Rygh innleia samtalane under kaffelaget. Foto: B G Ansnes

Preses Olav Fykse Tveit sa at det var første gong han hadde snakka til ei forsamling på ein butikk. Men det var absolutt ei positiv oppleving å kome så tett på folk for ein uformell samtale. Han kom også litt inn på krigen i Gaza, og her var han klar på at krigen ikkje hadde gjort at han hadde mista trua på gud, men at han heller hadde mista trua på dei menneska som fører krig mot andre land. Han hadde høyrt om oppmøtet og salmesongen i Todalen kyrkje, og difor takka han ja til invitasjonen frå biskop Midttømme om å besøke Todalen. 

Fungerande sokneprest, Torbjørn Brøske, rosa todalingane for sitt engasjement for kyrkja si, og han var imponert over kyrkjebesøket, og ikke minst salmesongen i Todalen. 

Ingeborg Midtømme avrunda kaffelaget i kaffekroken med å seie at dette hadde vore ei triveleg stund, og noko dei skulle ta med seg heim og bruke som inspirasjonskjelde, både i rekrutteringsarbeidet av nye prestar og å få fleire til å gå i kyrkjene!

Borghild Betten Talgø ønskte velkommen til aftensong i Todalen kyrkje. Foto: B G Ansnes

Etterpå var det aftensong i Todalen kyrkje, der rundt 60 personar møtte fram. Borghild Betten Talgø ønskte velkommen til aftensongen.

John Moe fortalte litt om arbeidet i soknerådet. Foto: B G Ansnes

John Moe orienterte om arbeidet i soknerådet. Her fekk vi vite at arbeidet med minnelunden bli igangsett i vår, og at den er fullfinansiert. Det skal også gjennomførast reparasjon av kyrkjetårnet på grunn av ein lekkasje. Han kunne også fortelje at statistikken for besøk i kyrkja for 2023, viser at rundt 60 personar, i snitt, var tilstades på dei 18 gudstenestene i 2023, ein auke på 100 prosent i høve til tala for 2022. 

Bernt Bøe fortalte litt om historia til Todalen kyrkje, som i år er 163 år. Han skreiv, til kyrkja sitt 150-jubileum i 2011 bok om kyrkja. Boka er framleis å få kjøpt på Matkroken Todalen.

Bernt Bøe fortalte litt om Todalen kyrkje si historie. Foto: B G Ansnes

Preses Olav Fykse Tveit og biskop Ingeborg Midtømme orienterte litt om sitt daglege arbeid. 

Aftensongen vart innleia av fungerande sokneprest Torbjørn Brøske.

Preika var det biskop Midttømme som sto for. Teksten til preika  var henta frå Paulus sitt brev til Timoteus.

Preses Fykse Tveit leia kyrkjelyden gjennom bønedelen. 

Etter aftensongen sa Fykse Tveit: – Dette har vore ei stor oppleving, og noko eg vil lagre i hjartet mitt! Dei orda oppsummerte ein vellukka dag på ein treffande måte!

Borghild Betten Talgø, leiar i soknerådet, overrekte preses, biskop og prost boka om Todalen kyrkje og eit hefte om Vangsgutane, som takk for besøket og ei helsing frå folket i Todalalen.

Først publisert: 3. februar 2024, 18:15 - Sist oppdatert: 4. februar 2024, 08:09