Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Populært med balleik

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 1. februar 2024

I går kveld hadde Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag invitert til balleik i gymsalen ved Todalen skule. Og responsen på invitasjonen var god, og eit tosifra ungar i grunnskulealder møtte opp for å vere med på ein time med balleik. Ola Dalsegg og Anders Gjeldnes leia balleiken. 

Tarzansisten var oppvarmingsøvinga. Foto: V A Ansnes

Først var det Tarzansisten som oppvarmingsøving. Etter at alle var gode og varme, vart det stikkball. Balleiken vart avslutta med fotball. Alle verka til å vere godt nøgd med balleiken, og Barne- og ungdomsgruppa arrangerer balleik også neste onsdag til same tid, med mindre det blir forhold for «barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra, noko som verkar lite truleg med vêrmeldingane som gjeld fram til da! 

Tarzansisten. Foto: V A Ansnes

Først publisert: 1. februar 2024, 06:00 - Sist oppdatert: 31. januar 2024, 19:53