Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. februar 2024

Søndag 4. februar klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Under gudsteneste vil det bli både dåp og nattverd. – Eg vonar folket ikkje er heilt utslitne etter bispebesøket laurdag, så somme (helst mange) finn vegen til kyrkja også søndag, seier fungerande sokneprest, – Det vert dåp av ei lita jente, og for meg vert dette litt spesielt, for eg døypte mora til jenta for om lag 30 år sidan!, legg han til. 

Torbjørn fortel dette om gudstenesta på søndag: Søndagen heiter Kristi forklåringsdag, og salmane som skal syngjast er 574, Ånd fra himlen, 586, Fylt av glede (dåp), 384, Laudate omnes gentes, 77, Du Ord frå alle æver, 977.4 Hallelujavers (før og etter lesinga av dagens evangelietekst). Etter preika syng vi 522, Mektigste Kriste, 601, Som korn fra vide åkrer (nattverd) og 220 Lov Jesu namn og herlegdom.

Torbjørn minner også om laurdagens preses og bispebesøk 

Som tidlegare omtala her på todalen.no, så får Todalen selebert besøk på laurdag. Fokus på lokalkyrkja med kaffelag på Matkroken Todalen med uformell samtale. Denne samtalen fortsett oppe i kyrkja klokka 15.30. Tema for samtalen er ikkje så fast, men det vert fokusert på kyrkja si rolle i lokalsamfunnet; korleis ta vare på kyrkja både fysisk og åndeleg, korleis sikre oppmøte og leggje til rette så alle kan kjenne seg velkomne til kyrkja. Kom gjerne med innspel. Kyrkja er folkets hus. Det vert så ei lita liturgisk avslutning med deltaking av fleire prestar/biskopar og salmene er 419 Med Jesus vil eg fara, 738 Noen må våke i verdens natt og som avslutning 899, Jeg tror på jordens forvandling, avsluttar fungerande sokneprest, Torbjørn Brøske. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 2. februar 2024, 12:30 - Sist oppdatert: 4. februar 2024, 07:50