Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 1875 artiklar i dette arkivet.


«Kjerringdilten» på langfredag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. mars 2024

Fredag 29. mars (langfredag) klokka 13:00 inviterer driftsstyret for skihytta til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta til Todalen Idrettslag. Vinnaren av «Kjerringdilten» får eit napp i vandrepokalen og ein eigen pokal til odel og eige. Veidekke har bidrege økonomisk til innkjøp av heilt nye startnummer, som vil bli brukt for første gong under «Kjerringdilten» langfredag. 


Påskebasar, seterrenn og afterski med påskequiz på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. mars 2024

Nordvik Grendalag har eit rikhaldig program for påska, med påskebasar, seterrenn og afterski med påskequiz. Det heile startar med påskebaser i Nordvik forsamlingshus tysdag 26. mars klokka 18:00. Det er mogleg å kjøpe lodd via Vipps 98505. Kvart lodd kostar kroner 50,-.


Påska på kulturhuset

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. mars 2024

Surnadal kulturhus vil vere meir ope denne påska,  enn dei tidlegare påskene, og kinoen nyttar høvet til å vise mykje film. Biblioteket vil vere ope laurdag og så dei to første dagane i påskeveka (måndag og tysdag). Men det vil vere mogleg å nytte «meirope tilgang» kvar dag resten av påska.



Takk for støtten til årets fasteaksjon!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 21. mars 2024

Kirkens Nødhjelpkontakt i Surnadal og Rindal, Gro Hauge Venås, ønsker på vegne av Kirkens Nødhjelp å rette ein stor takk for alle bidrat til årets fasteaksjon, og til alle konfirmantane, foreldra og frivillige som deltok i innsamlinga på tysdag. Ho rettar også ein stor takk til dei som har vippsa til 2426 eller gjeve kontantar. Bidraga går rett inn på Kirkens Nødhjelp sin konto. 


Takstmann Øyås AS fekk «Utviklingsprisen» for 2024

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. mars 2024

Akkurat no arrangerer SpareBank 1 Nordmøre «Næringslivsdagen» 2024 på Surnadal kulturhus. No rett etter lunsj vart «Utviklingsprisen» for 2024 delt ut, og årets vinnar vart Takstmann Øyås AS, som har sitt hovudkontor på Nordvik og er eigd av ekteparet Nils Håvard Øyås og Karin Åsbø. 


Medlemsmøte i Surnadal pensjonistlag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 19. mars 2024

I går kveld var det medlemsmøte i Surnadal pensjonistlag i kantina på Surnadal sjukeheim. Før medlemsmøtet tok til, var det eit kort styremøte i møterommet på sjukeheim. Deretter flytta dei til kantina på sjukeheimen for å gjennomføre  medlemsmøte


Sjøisen syng på siste verset

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. mars 2024

Den siste perioden med godt vêr og ganske høge temperaturar har gjort at sjøisen, som har vore målt til opp mot 20 centimeters tjukkelse, no syng på siste verset. 


Minner om årsmøtet i morgon tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. mars 2024

Todalen historielag minner om årsmøtet i morgon tysdag 19. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. På sakskartet står vanlege årsmøtesaker.


Inviterer til «felles middag» onsdag 20. mars

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 17. mars 2024

Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 20. mars klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.


Palmehelgutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 17. mars 2024

Fredag 22. mars, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til palmehelgutsal i Lia. Denne gongen kan Lia gard også tilby spaltbrød og sitronkake, som båe er nye produkt frå dei. Dei som førehandsbestiller er med i trekninga av ei sitronkake. Så da er det mogleg å få sikra seg grovbakst og kaffebrød til påska!


Ar sjømat med salsstand i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 16. mars 2024

Ar sjømat AS frå Kristiansund vil tysdag 20. mars, i tidsrommet 11:00 – 16:30, ha salsstand utanfor Matkroken Todalen, der dei vil selje forskjellege fiskeprodukt.