Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjøisen syng på siste verset

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. mars 2024

Den siste perioden med godt vêr og ganske høge temperaturar har gjort at sjøisen, som har vore målt til opp mot 20 centimeters tjukkelse, no syng på siste verset. 

Isen smeltar og det går definitivt mot vår. Foto: Odd Arild Sande

Odd Arild Sande har sendt oss eit par bilete frå issmeltinga sett frå kaffekosen på Nordvik, og han kunne godt nøgd konstatere at isen smeltar fort, og at det definitivt no går mot vår! 

Så da er nok årets isfiske-sesong over, og tida er nok inne for å skifte ut sparken med båt, dersom ein vil sikre fiskemiddagen!

Publisert: 18. mars 2024, 12:39