Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 1871 artiklar i dette arkivet.


AR Sjømat AS med ny salsstand på tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 7. april 2024

AR Sjømat AS frå Kristiansund vil tysdag 9. april, i tidsrommet 11:00 – 16:30, ha ny salsstand utanfor Matkroken Todalen, der dei vil selje forskjellege fiskeprodukt, reker og fisk. 


Hugs bandtvang for hund frå 1. april

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. april 2024

Frå og med i går, 1. april til og med torsdag 31. oktober, er det bandtvang for hund i Surnadal kommune. Den generelle bandtvangen i Norge er frå 1. apil – 20. august, men Surnadal kommune har eiga forskrift om bandtvang, som betyr at Surnadal kommune har lengre bandtvangperiode enn det Hundelova seier. Dette betyr at hunden i denne perioden skal vere i band, forsvarleg inngjert eller vere innestengd. Somme unntak gjeld for jakt- og gjetarhundar, samt toll- og politihundar, når desse er i aktiv teneste, Bandtvangen er regulert i Lov om hundehald (Hundeloven) § 6, og i Surnadal kommune si forskrift om Bandtvang.   


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 30. mars 2024

Todalen bøgdalag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 25. april klokka 19:30. Vanlege årsmøtesaker står på saklista. Forslag ein ønsker å få behandla på årsmøtet, må sendast skriftleg til leiar i bøgdalaget, Svein Håvard Brøndbo, innan måndag 8. april. 


Turid Sæther Todalshaug vart vinnar av «Kjerringdilten» 2024

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. mars 2024

I dag inviterte driftsstyret for Todalen Idrettslag si skihytte til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta. og det kom bra med folk opp til skihytta. 45 av dei frammøtte starta årets utgåve av «Kjerringdilten». Da resultatlista var klar, viste den at Turid Sæther Todalshaug sikra seg eitt napp i vandrepokalen og ein eigen pokal til odel og eige. Det var ikkje så mykje sol å skryte av, men det var fin temperatur og opphaldsvêr, så det var fine forhold for ein skitur. 


Seterrennet på Nordviksetra 2024

Anna Ingeborg Nordvik Torsdag 28. mars 2024

Som alltid vart seterrennet på Nordviksetra avvikla på skjærtorsdag. I år var det både ver og føre som passa for alle. Akkurat nok sol ,og eit føre som passa like god for ski som for dei som kom til fots.


God stemning på «påskequizen»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 28. mars 2024

I går kveld hadde Todalen bøgdalag invitert til «påskequiz» i Todalen ungdomshus. Sondre Halset var quizmaster, og hadde laga ein god quiz med varierte spørsmål og vanskelegheitsgrad. Litt over femti møtte fram for å vere med på «påskequizen» og kjempe om dei to gåvekortpremiane på 500 og 200 på Matkroken Todalen.  


Frittalande gjester på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 26. mars 2024

Buktalar Erik Mogeno kjem til Surnadal kulturhus laurdag 6. april med ein gjeng pratesjuke og frittalande gjester. Showet «Livet med dukker» hadde premiere i 2022 og har vore spelt rundt i landet det siste året. Erik tek med seg publikum på 75 elleville minutt med snodige karakterar, fengande musikk, artige tekster og humor som treff både ungar og vaksne. Showet passar for alle frå 6 til 106, eller 126 også, for den saks skuld.


Minner om «påskequizen» på onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 25. mars 2024

Todalen bøgdalag minner om «påskequzen» sin onsdag 27. mars frå klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Quizen tek til klokka 20:00. Det er Sondre Halset som er quizmaster denne gongen. Så har duu lyst til å quize og møte andre i påska, så er ungdomshuset rette staden på onsdag!


«Kjerringdilten» på langfredag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. mars 2024

Fredag 29. mars (langfredag) klokka 13:00 inviterer driftsstyret for skihytta til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta til Todalen Idrettslag. Vinnaren av «Kjerringdilten» får eit napp i vandrepokalen og ein eigen pokal til odel og eige. Veidekke har bidrege økonomisk til innkjøp av heilt nye startnummer, som vil bli brukt for første gong under «Kjerringdilten» langfredag. 


Påskebasar, seterrenn og afterski med påskequiz på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. mars 2024

Nordvik Grendalag har eit rikhaldig program for påska, med påskebasar, seterrenn og afterski med påskequiz. Det heile startar med påskebaser i Nordvik forsamlingshus tysdag 26. mars klokka 18:00. Det er mogleg å kjøpe lodd via Vipps 98505. Kvart lodd kostar kroner 50,-.


Påska på kulturhuset

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. mars 2024

Surnadal kulturhus vil vere meir ope denne påska,  enn dei tidlegare påskene, og kinoen nyttar høvet til å vise mykje film. Biblioteket vil vere ope laurdag og så dei to første dagane i påskeveka (måndag og tysdag). Men det vil vere mogleg å nytte «meirope tilgang» kvar dag resten av påska.