Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ar sjømat med salsstand i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 16. mars 2024

Ar sjømat AS frå Kristiansund vil tysdag 20. mars, i tidsrommet 11:00 – 16:30, ha salsstand utanfor Matkroken Todalen, der dei vil selje forskjellege fiskeprodukt. 

Ar sjømat sin spesialitet er marinert fisk, og den har etter kvart vorte særs populær. Men dei har også mange andre fiskeprodukt, så her blir det mogleg å sikre seg eit fiskemåltid eller to til påske. 

På tysdag kan Ar sjømat AS by på følgande: 

  • Torskeloins
  • Lettsaltet, røkt torsk
  • Reker 40-60
  • Einerøkt ørret (frå frøysagården på Sunnmøre)
  • Kvalbiff
  • Klippfisk
  • Marinert torsk (forskjelege marinadar)
  • Laks (porsjonstykke)
  • Klippfisk-grateng
  • Fiskegrateng
  • Bacalao
  • Hysekaker
  • Panert torsk

Om responsen er god, har Ar sjømat intensjonar om å ha salsstand utanfor Matkroken Todalen kvar 3. tysdag framover. 

Publisert: 16. mars 2024, 12:00