Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Medlemsmøte i Surnadal pensjonistlag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 19. mars 2024
 
I går kveld var det medlemsmøte i Surnadal pensjonistlag i kantina på Surnadal sjukeheim. Før medlemsmøtet tok til, var det eit kort styremøte i møterommet på sjukeheim. Deretter flytta dei til kantina på sjukeheimen for å gjennomføre  medlemsmøte
 
50 medlemmar i pensjonistlaget møtte opp til medlemsmøtet. – Bengt Eriksson frå Kristiansund hadde eit svært informativt og interessant foredrag om pensjon, der han tok for seg utviklinga frå den spede start til i dag, fortel Anne M. V. Einum. 
 
Eit triveleg og sosialt møte med prat, diktopplesning av Ragnhild, allsong med Rolf Arne Berg ved pianoet, loddsag og servering av kaffi og velsmakande baguettar, legg ho til.
 
Flaks at det var bestilt 50 baguettar, så alle dei 50 frammøtte fekk sin kvar, avsluttar ho!
 
Medlemsmøtet var samde om at kantina på Surnadal sjukeheim er eit rett så triveleg og praktisk lokale for medlemsmøte i pensjonistlaget! 
Publisert: 19. mars 2024, 21:39