Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 1871 artiklar i dette arkivet.


Todalingen Sindre Bruset til NM-finalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 15. april 2024

Finalen i NM for lærlingar og unge montørar i elektrikar- og telekom faget vert arrangert av Nelfo (NHO) i Oslo frå tysdag – torsdag denne veka. Av dei ti finalistane er heile fem frå vårt fylke, og Sindre Bruset (20) frå Hjellen i Brusetgrenda er altså ein av dei. Sindre er for tida lærling hos Bratseth på Sunndalsøra, der han tok til hausten 2022. 


Inviterer til medlemsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 15. april 2024

Styret i Surnadal Pensjonistlag inviterer til ope møte omsdag 17. april klokka 15:00 i kantina på Surnadal sjukeheim. 
Det blir orientering om Surnadal Pensjonistlag sine aktivitetar framover våren og sommaren. 


Inviterer til «felles middag» onsdag 17 april

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 14. april 2024

Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 17. april klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.


Marit T. Husby var første kvinnelege lærar i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 14. april 2024

Marit T. Husby (12.2.1853 – 7.8.1955) frå Husbytrøin i Todalen var den første kvinnelege læraren i noverande Surnadal kommune. Ho var vart tilsett som lærar i storkretsen Bele i daverande Åsskard kommune, som frå 1.1.1965 vart ein del av Surnadal kommune. Ho var lærar i Belagrenda, Bæverfjorden, Bæverdalen og av og til i Bøfjorden. Ho var lærar her i 26 år, i perioden 1877 – 1903.


– Dette blir gøy!

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 13. april 2024

Det lovar i alle fall Teatret Vårt, som laurdag 20. april klokka 19:00 kjem til Surnadal kulturhus med «Norsk sangbok – Eit humoristisk skråblikk på det å synge saman».  


Linda Eide til Surnadal kulturhus med «Fosse-sjov»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. april 2024

Linda Eide og Sjur Hjeltnes tek med seg forestillinga om nobelprisvinnaren Jon Fosse til Storstuå på Surnadal kulturhus torsdag14. november klokka 19:00. I tillegg blir forestillinga vist på Sunndalsøra og i Kristiansund dei påfølgande dagane. 


Bli med hit-Møre og Romsdal viste seg fram i Oslo

Stig Husby Torsdag 11. april 2024

Torsdag kveld var vi ein tur innom «Bli med hit» messa på Clarion Hotel The Hub i Oslo, der nærmare 150 potensielle arbeidsgjevarar hadde laga ei flott utstilling for dei mange besøkande. Messa er eit samarbeid mellom Molde Næringsforum, Kristiansund og Nordmøre næringsforum og Næringsforeninga i Ålesundsregionen. Målet er å vise mangfold og ein svært variert arbeidsmarknad i fylket vårt.



Nærmiljøanlegget på Bordholmen stadion tek form

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. april 2024

På årsmøtet i Todalen Idrettslag i mars 2022, vedtok årsmøtet å bygge eit nærmiljøanlegg bak det austre målet på Bordholmen stadion. Anlegget er kostnadsrekna til litt over ein halv million, og vil bli finansiert med offentlege tilskot, eigenkapital og dugnadsarbeid. 


Tid for å søke om kulturmidlar og andre tilskot

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 10. april 2024

Kultureininga i Surnadal kommune har fire ordningar med søknadsfrist no 30. april. Dette gjeld kulturmidlar til lag og forsamlingshus, leige av gymsalar, hall og symjehall, tilskot til leikeplassar og tilskot til 17. maifeiringa. 



Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. april 2024

Fredag 12. april, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til ope bakeriutsal i Lia. Våren er på gang, og å sitje i solveggen med ein kaffekopp og ein nystekt kanelsnurr eller skulebolle er fint!