Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dametrim på Hett & Svett på tysdagar, og multitreningsapparatet er reparert

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 21. mars 2024

På tysdagar frå 10:00 – 11:30 er det no starta opp dametrim på Hett & Svett. Så har du lyst til å vere med å trimme litt i lag med andre damer og ha det litt sosialt, så er det berre å møte opp og bli med!   

Dei øydelagde vaierane er no skifta ut. Foto: Anders Mo

Multitreningsapparatet har vore ute av drift ei lita stund, men i dag har Anders Mo og Anders Todalshaug fått skifta dei øydelagde vaierane, slik at multitreningsapparatet no skal fungere som det skal.  

Anders og Anders har reparert multitreningsapparatet på Hett & Svett. Foto: Privat

Publisert: 21. mars 2024, 20:34