Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2469 artiklar i dette arkivet.


Gjestearbeidar har testa positivt ved innreise

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 21. mars 2021

I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i kveld, får vi opplyst at ein gjestearbeidar har testa positivt for korona ved innreise. Gjestearbeidaren er registrert i Surnadal, men er på oppdrag i ein annan kommune. Han er som følge av den positive koronatesten isolert der. 


Nytt påvist koronasmittetilfelle i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. mars 2021

I ei pressemelding frå Surnadal kommune no på laurdagsmorgonen, blir det informert om at det er påvist eit nytt koronasmittetilfelle i Surnadal, denne gongen med forgreining til Rindal.


Utsett årsmøtet til den 16.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. mars 2021

Todalen Grendalag sitt årsmøte var beramma til måndag 15.april. På det digitale styremøtet i Grendalag i går kveld, vart det vedteke å utsette årsmøtet til onsdag 16.juni kl. 19:00. Bakgrunnen for vedtaket er dei gjeldande smittevernreglane for årsmøter, som både krev påmelding og god avstand (minimum 1,5 meter) mellom møtedeltakarane. Grendalaget ønsker at flest mogleg skal få høve til å delta på årsmøtet, difor blir årsmøtet utsett. 


Surnadal kommune – koronavaksinering veke 12 og i påskeveka

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. mars 2021

Torsdag kveld kom det ei oppdatering frå Surndal kommune om vaksineringa i veke 12, og påskeveka. Kommunen kallar inn fortløpande til vaksinering til første ledige vaksineringsdag, og det er viktig å gje rask tilbakemelding på innkallinga, òg om du takkar nei til vaksinering. Kommunen vaksinerer framleis gruppe 3 (75 – 84 år) med vaksinetypen Comirnaty frå BioNTech/Pfizer.


Hugs Todalen.no sitt digitale årsmøte i kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. mars 2021

I kveld klokka 20:00 arrangerer Todalen.no digitalt årsmøte. Alle medlemmer er velkomne til å vere med. Du melder deg på ved å trykke på lenka nedst på sida. Etter at du har gjord det, vil systemansvarleg sleppe deg inn i møtet. Linken vil vere open for påmelding og innslepp frå klokka 19:45


Årsmøte i Nordvik Båtforening

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. mars 2021

Nordvik Båtforening kallar inn til årsmøte måndag 29.mars klokka 19:00 i Nordvik forsamlingshus. Nordvik Båforening arbeider for tida med utviding/renovering av småbåthamna og opparbeiding av friluftsområdet rundt hamna. Det vil bli orientering om dette på møtet. På grunn av koronareglane som gjeld for årsmøter, så er det påmelding til årsmøtet i år. Påmelding til Per P. Gjeldnes på mobil: 971 48 806 innan torsdag 25.mars. 


Støtt Todalen sokneråd og Kirkens Nødhjelp sin digitale fasteaksjon

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. mars 2021

Som ein direkte konsekvens av smittevernreglane i samband med Koronasituasjonen, er Todalen sokneråd og Kirkens Nødhjelp sin tradisjonelle Fasteaksjon digital i år ôg, slik som i fjor. Fasteaksjonen er Norges andre største innsamling, og har vore arrangert i meir enn 50 år. Tidlegare år er det konfirmantane som har stått for  bøssebæringa. I fjor vart innsamlinga heildigital, slik den òg blir i år. Kristian Gjeldnes, leiar i Todalen sokneråd, fortel at dei har eit mål om å samle inn 5.000,- kroner i Todalen sokn. Han håper difor på god respons på den digitale innsamlingsaksjonen. 


Påskevettreglane frå Regjeringa

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 15. mars 2021

Fredag kom Regjeringa med sine påskevettreglar for påska 2021, og dei seier følgande: Det er snart påskeferie, og i samband med den kjem regjeringa med anbefalingar for korleis ferien kan gjennomførast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte. 


Surnadal kino – Premiere og kinesisk animasjon

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 13. mars 2021

Surnadal kino kan skilte med barnefilmen «felix på ville veier» og premiere på den norske ungdomsfilmen «Prosjekt Z» «Felix på ville veier» er ein kinesisk animasjonsfilm om katten Felix. Filmen skiljer seg frå vestlege animasjonsfilmar, først og fremst, fordi den spelar meir på melodramatiske verkemiddel, framfor humoren som vestlege animasjonsfilmar ofte spelar på. «Prosjekt Z» er ein norsk zombie-film som hadde premiere i går, den 12.mars. Filmen vender seg i første rekke til ungdommen av kinopublikummet. 


Todalen Idrettslag – Sakliste til årsmøtet

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 13. mars 2021

Torsdag 25.mars klokken 19:00 har Todalen Idrettslag årsmøte i Todalen ungdomshus. I ein epost frå Todalen Idrettslag har vi fått daklista til årsmøtet. Den syner at det blir handsaming av desse sakene: Årsmeldingar for hovudlaget og gruppene, Rekneskap, Inkomne forslag Medlemskontingent 2022, Budsjett 2022 for hovudlaget og gruppene, Val. 


Bente Maalen fekk NTNU sin filmpris

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. mars 2021

Bente Målen (45) fekk torsdag NTNU sin filmpris. Bente har var busett i Todalen frå slutten av åttitalet til utpå nittitalet. Ho har dei siste sju åra hatt filmproduksjon som levebrød, først som produksjonskoordinator og seinare som produksjonsleiar. Ho har mellom anna vore produksjonsleiar for filmane «Den 12.mann» og «Håp», og i TV-serien «Heimebane». 


Tre over vegen på Nordvik og ustabil mobildekning

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. mars 2021

I 10-tida var vegen i Rabban (mellom Nordvik og Åsbø) stengt i ein kortare periode, fordi eit tre hadde blese ned og låg over vegen. Treet vart raskt fjerna av folk som kom til staden, slik at vegen var stengt i berre 15 – 20 minutt.