Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endra besøksrutiner ved Surnadal sjukeheim frå fredag 16.april

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. april 2021

Frå fredag 16.april blir det endringar i besøksrutinene ved Surnadal sjukeheim. Råda er framleis å unngå unødvendige reiser innanlands. Særleg frå område med høgt smittepress. Blir besøket vurdert som nødvendig skal råda for området med høgast smitteverntiltak følgjast.

Elles gjeld følgjande:

  • Besøk avtalast på førehand. Ein skal framleis begrense sosial kontakt.

Ikkje kom dersom du er eller kan vere smitta av Covid-19. Har du luftvegssymtom eller er i karantene må besøket utsetjast. Eigne vurderingar for besøk ved livets sluttfase.

  • Maksimalt 2 besøk om gongen.
  • Besøksprotokoll blir ført.
  • Utfør handhygiene når du kjem og undervegs.
  • Nærkontakt mellom vaksinerte bebuarar og deira næraste, samt med andre vaksinerte, er greit. Bebuarane avgjer sjølv kven som er sine næraste.
  • Hald 1 m avstand til andre enn den du besøker.
  • Besøk kan foregå i fellesareal for vaksinerte bebuarar så framt 1 m avstand til andre kan overhaldast. Foajeen og kafeen kan óg nyttast. Kaffemaskin finn du i kafeen. Handdesinfeksjon finn du i nærleiken. Besøkande kan ikkje nytta kjøkkena på sjukeheimen. Blomster og gåver er greit.
  • Bebuaren kan bli med på besøk utanfor sjukeheimen. Vurdér smitterisiko saman med personalet. Hugs handhygiene umiddelbart ved retur til sjukeheimen.
  • Tenester/aktivitetar og besøk av eksterne aktørar: Smitterisiko blir vegd opp mot grad av behov og nytte av tenesta/aktiviteten. For frisør, fotterapeut o.l gjeld råda for «ein-til-éin-kontakt», og bruk av munnbind.

For eventuelle bebuarar som ikkje er vaksinerte bør det utøvast større varsemd.

Dersom smittesituasjonen for Covid19 aukar, vil forsterka tiltak bli vurdert. 

Publisert: 15. april 2021, 13:55