Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svorka utsett varsla linjeettersyn med helikopter til neste veke

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. april 2021

På grunn av innreisekarantene, må Svorka utsette det varsla linjeettersynet med lågt-flygande helikopter, som eigentleg skulle ha starta i dag, til neste veke. Det er den svenske fotografen, som skal fotografere linjenettet, som er sett i innreisekarantene på Værnes. Dette betyr at heile linjeettersynet vil bli gjennomført frå og med tysdag 27.april og ei stor veke framover, til i byrjinga av mai. Linjeettersynet vil òg gå føre seg helga 1-2.mai. 

Svorka skal i år ettersjå heile høgspentlinjenettet sitt ved å bruke helikopter. 

Svorka fortel at dei nyttar helikopter til ettersynet for å skåne naturen mest mogleg med tanke på avtrykk, samtidig som ettersyn med helikopter er tidseffektivt. Dette gjer at dei difor får meir tid til naudsynte utbetringar og vedlikehald på nettet sitt. 

Lågtflyginga vil gå føre seg ned mot 30 meters høgd. Ettersynet av Svorka sitt linjenett tek til tysdag 27.april og varer ei stor veke framover, til i byrjinga av mai. kan Svorka opplyse.   

Svorka håper ettersynet av linjenettet ikkje medfører ulemper for dei som bor i nærleiken av linjenettet. 

For meir informasjon sjå: svorka.no

Publisert: 21. april 2021, 12:48