Statusoppdatering koronasituasjonen i Surnadal
I ei pressemelding frå kommuneoverlegen no i føremiddag, får vi statusoppdatering på koronasituasjonen i Surnadla kommune akkurat no. Over helga kan vi starte ei ny arbeidsveke med betre oversikt og kontroll på smittesituasjonen som oppstod. Det har vore hektisk smittesporing og stor testaktivitet med mange berørte i alle aldrar. Kommuneoverlege Bjørn Buan melder at samtlege per i dag har milde symptom og at dei fleste smitta er vaksinerte.
