Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3515 artiklar i dette arkivet.


Dugnad i Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. juli 2023

dag var det dugnad i Toåa tursti for å slå kantane, rydde litt kratt og for å få skråpa vegen. Turstien fekk i fjor haust nokre skadar som følge av stor elv. Deler av turstien må difor reparerast, eit arbeid Per E. Gjeldnes maskin skal utføre. 


Krevjande krøtterberging i Kvennsetdalen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. juli 2023

I går og i dag har det vore krøtterberging i Kvennsetdalen. Kyrne stakk av under flytting frå innmarksbeite i Viastua og opp i Kvennsetdalen for eit par veker sidan. I ettertid har dei to kyrne gått seg utfor ein hammar. Den eine av dei var i live etter fallet, medan den andre omkom. 


Familiedag med gamal historie og ny kultur i Stangvik

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. juli 2023

Stangvik Grendalag og Stangvik Historielag inviterer fredag 28. juli frå klokka 12:00 til familiedag med gamal historie og ny kultur. Familiedagen er knytta til «Den Trondhjemske postvei» og startar med ein fin tur frå Vang til Stangvik. Under vegs vil ein får sjå nye verk av seks lokale kunstnarar og ein indianar.


Da har det blitt fotballgolf på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. juli 2023

Todalen Idrettslag har investert i fotballgolf på Bordholmen stadion. Så da har idrettslaget enda ein aktivitet å tilby sine medlemmer og andre på anlegget på Bordholmen. 


Friska opp gamle kunster

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. juli 2023

I dag var ein gjeng frå Eldrerådet i kaffekroken på Matkroken samla på Talgø gård for å friske opp gamle kunster med hesjing. Hesjing er ikkje så vanleg lenger, men gjengen som hadde møtt opp, hadde definitivt ikkje gløymt gamle kunster, så det gjekk fort og effektivt å sette opp hesja. 


«Sommarope» bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. juli 2023

Laurdag 22. juli, mellom klokka 11:00 – 13:00,  inviterer Lia gard til «sommarope»  bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen no i ferien. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer. 


Manntalet lagt ut til offentleg ettersyn

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 15. juli 2023

For å kunne røyste ved haustens kommunestyre og fylkestingsval må ein stå i manntalet. Manntalet er no lagt ut til offentleg ettersyn, slik at alle kan sjekke om namnet deira står der.


Sproradiske brudd i bredbandsleveransen frå Svorka

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. juli 2023

Grunnet kritisk feilretting vil det bli sporadiske brudd på bredbåndsleveransen i tidsrommet 1330 til 1430. Beklager eventuelle ulemper dette medfører.  Det er den korte driftsmeldingen vi har fått fra Svorka i dag.  


Gudsteneste i Todalen kyrkje på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. juli 2023

Sønndag 16. juli klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Bjørn Hovde og organist er Magnhild Frydenlund Brøske. 


Informasjon om røystegjeving i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. juli 2023

I haust er det kommune- og flkestingsval, og Surnadal kommune kjem no med litt inforasjon om førehandsrøysting og anna informasjon i samband med valet 11. september. I perioden frå 10. august til og med 8. september kan du førehandsrøyste i Surnadal kommune. Førehandsrøystinga foregår på Surnadal kulturhus. På sjølve valdagen, 11. september kan du sjølv velje kvar du vil røyste, altså sjølv velje det røystelokalet du sjølv vil i kommunen.  


Tømmekalender for juli og august er oppdatert

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. juli 2023

Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for juli og august 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for september og oktober, vil bli lagt inn i starten av september månad. 


Open kafe i Slettneset søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 8. juli 2023

I morgon, søndag 9. juli klokka 12:00 – 16:00, er det igjen open kafe hos Slettneset steinovnsbakeri. Her blir det sal av kaffe og nystekt bakst, så da er det berre å ta turen til Slettneset for å ta søndags-kaffen saman med andre.