Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julesamling med ungt snitt

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. desember 2023

Frå og med i dag, tek skulane i Surnadal kommune juleferie fram til onsdag 3. januar. Skulegudsteneste før skulane tek juleferie, er ein årvis og lang tradisjon på mange skular. Todalen og Stangvik oppvekstsenter samla seg i går til skulegudsteneste i Todalen kyrkje. Bernt Bøe har sendt oss ein liten rapport frå skulegudstenesta, som du kan lese nedanfor. 


Kyrkja arrangerer gjerne gudsteneste – også når skular ønskjer det. Tysdag stod julehistoria på dagsorden i Todalen kyrkje.

Først las elevane Inger Hagerups dikt «Så tenner vi» medan dei fire adventslysa vart tente. Deretter stemte alle i Jakob Sande-salmen om lyset i dei stille grender som «tusene barnehender» held opp mot himmelen.

Barnehender og barnestemmer utfalda seg da også i gudstenesta – som med lystenning og tekstlesingar om høgtida som alle ventar på.

«Dei tre vise» – Borghild, John og Oddvar – kom med gull, røykjelse og myrra. Torbjørn Prest var kanskje «Josef» i denne scena? Foto: Bernt Bøe

«Kvar er Betlehem?»

Prest Torbjørn Brøske knytte jula og kvardagen, fredsønsket og otten for krig og svolt saman i ei lita tankestund saman med dei mange små og litt større i kyrkja.

Og han fekk hjelp frå fleire. Ein lys stemne på andre benk slo fast: – Eg veit at Jesus vart fødd i Betlehem! Ein annan spurte pianisten: – Kvar er Betlehem hen? Slik dukka aktuelle emne fram både i tale og undring.

«Dei tre vise»

Best det var, kom tre vaksne inn. Borghild, John og Oddvar bar med seg «gull» (farga papirkrans), «røykjelse» (talglys med duft) og «myrra» (fin salve). Oj – desse tre «vise» vekte stor interesse! (Myrra’en kom forresten til nytte da Torbjørn viste forsamlinga eit plastra sår på handa si …)

Songen «Et barn er født i Betlehem» bekrefta historia frå andre benk. Og med sterkt håp tona kyrkjestunda ut i «Deilig er jorden».

Dei fire lysa og vismannsgåvene på bordet: Stille symbol på advent og jul. Foto: Bernt Bøe

Gåver – med ny meining

Skulebiblioteket fekk bøkene «Kyrkja i Todalen» og «Kyrkja vår – Stangvik» i gåve frå to av «dei vise frå Østerland» (les: Todalen sokneråd), Borghild Talgø og John Moe.

Og til dei yngste frammøtte vanka det kvar sin pose med noko etande i. For – som Torbjørn Prest sa det: – Viktigare enn gull, røykjelse og myrra er det å ha mat!


 

Publisert: 20. desember 2023, 13:14