Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadalsmagasinet vinter ute no

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 14. desember 2023

Surnadalsmagasinet kjem ut to gonger i året, og no er det vinterutgåva som er på tur til husstandane på Indre Nordmøre, Rindal og Orkland. Her kan du lese og bli betre kjent med Surnadal sitt allsidige og ambisiøse nærlingsliv, og om dei rike molegheitene for godt og aktivt liv på landsbygda.  

Det er Amfi Kreativ som gjev ut det annonsefinansierte magasinet og samarbeider med Surnadal Næringsforening og Surnadal kommune om å gje deg ein aktuell og fargerik smak av Surnadal gjennom årstidene. 

Surnadal kommune er denne gongen representert med ein fin reportasje frå Vaksenopplæring og integrering.

Les Surnadalsmagasinet vinter digitalt her

Du kan også lese Surnadalsmagasinet vår/sommar digitalt. Her finn du mellom anna stoff om lokale attraksjonar, kulturarrangement, turtips og meire til. .

Publisert: 14. desember 2023, 18:14