Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jule- og nyttårshelsing frå ordføraren

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 23. desember 2023
Ordførar Hugo Pedersen i Surnadal kommune, ønsker alle god jul og godt nytt år, med desse orda: – Eg vil med dette ønske alle i Surnadal kommune ei god jul og eit godt nytt år. 
Mange er på jobb i jula for å halde samfunnet i gang, men eg håpar alle får nokre dagar både til å slappe litt av og lade batteria. Eg veit det er travle og tøffe tider for dei fleste, men det er viktig at vi brukar jula både til ettertanke og til å sjå framover.

Som ordførar gler eg meg til å ta fatt på året 2024 og leie an i den gode kommunen vi bur i.

Ta gjerne kontakt med meg i året som kjem, og ta vare på kvarandre.

GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!

Med vennleg helsing

Ordførar Hugo Pedersen

Publisert: 23. desember 2023, 22:53