Det er nokon som har det verre enn vi!
Handelsmann Nordvik sitt med Adresseavisa for 3. januar, og les om Joker Røyrvik som gikk konkurs ein av dei siste dagane før jul. Handelslekkasje er ein av grunnane til konkursen, men i fjellbygda Røyrvik er også grensehandelen eit problem. Røyrvik har i overkant av 400 innbyggarar, og hadde berre ein butikk, så når den gikk konkurs mista dei egentleg alt – butikken, medisinutsal og posten – i tillegg til eigedomsselskapet for butikklokalet. Strakshjelpa frå Røyrvik kommune var å sette opp buss til Namsskogan, slik at folk skulle få handle til jul.