Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalingen Sindre Bruset til NM-finalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 15. april 2024

Finalen i NM for lærlingar og unge montørar i elektrikar- og telekom faget vert arrangert av Nelfo (NHO) i Oslo frå tysdag – torsdag denne veka. Av dei ti finalistane er heile fem frå vårt fylke, og Sindre Bruset (20) frå Hjellen i Brusetgrenda er altså ein av dei. Sindre er for tida lærling hos Bratseth på Sunndalsøra, der han tok til hausten 2022. 

Etter uttakskonkurranse frå heile landet i elektrikarfaget og telekomfaget, er dei dyktigaste plukka ut til å konkurrere under NM tysdag – torsdag. Gjennom tre dagar med tett program skal finalistane konkurrere i både teoretiske og praktiske utfordrande oppgåver.

Vinnarane kan kalle seg Norges beste elektrikar og telekommunikasjonsmontør. Mange lærlingar har vore gjennom kvalifiseringsprøven til NM og nivået på kandidatane har vore høgt.

Førebuingane til finalen er i sluttfasen, der hurtigheit, kunnskap, nøyaktigheit og fagmessig utføring er viktige vurderingskriteriar. Kandidatane har fått vite ein del om kva oppgåver og gjeremål som finalistane skal prøvast i.

Vinnarane av NM går vidare til World Skills Competition, altså verdsmeisterskapet, som blir arrangert i Lyon i Frankrike i september. Der skal dei representere Norge med flagget på brystet.

Opplæringskontoret for elektrofag i Møre og Romsdal er stolte over at deira lærlingar er så godt representert i finalen i NM. og lovar å følge lærlingane tett den komande veka!

Publisert: 15. april 2024, 13:01