Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. april 2024

Styret i Todalen.no kallar inn til årsmøte fredag 10. mai klokka 18:00 i Skulstuå i Todalen. Vanlege årsmøtesaker og utdeling av «Årets bilete». Det blir enkel servering. 

Den som vil seie frå seg verv, må gjere dette skriftleg til valnemnda ved Frode Grønmyr eller Jo Gjeldnes innan onsdag 1. mai. 

Saker ein ønsker å få behandla på årsmøtet må sendast skriftleg på epost til red@todalen.no innan onsdag 1. mai. 

Fullstendig sakliste vil bli kunngjort på Todalen.no fredag 3. mai. 

Representantar for lag, foreiningar og selskap kan møte på årsmøtet med fleire, men berre ein representant har røysterett per medlem. 

Todalen.no ønsker velkommen til årsmøte!

Først publisert: 25. april 2024, 06:17 - Sist oppdatert: 3. mai 2024, 19:51