Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Kaffekrokens venner» på omvising på settefiskanlegget

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. april 2024

«Kaffekrokens venner» er ein aktiv gjeng, og i går var dei på omvising på Rossåa settefiskanlegg sitt smoltanlegg i Sissigrenda. Tidlegare har dei vore på bedriftsbesøk både hos Pipelife og Talgø Møretre i Surnadal. Rossåa settefiskanlegg har vore stengt for besøk eit par år på grunn av sjukdom i eit anna anlegg på Nordmøre, men har no opna for besøk att.

Monika Klungervik og Bjørnar Aasbø fortalde om Rossåa settefiskanlegg til ein engasjert og interessert gjeng. Foto: B G Ansnes

Settefiskanlegget i Sissigrenda vart sett i drift i 2006, og det er Statkraft Energi som er eigar og drivar av anlegget. Anlegget har døgnkontinuerleg vaktordning, så om noko uforutsett skjer, så kan dei ta hand om dette umiddelbart. 

Smolt frå 2023. Foto: B G Ansnes

Rossåa settefiskanlegg driv med oppdrett av smolt frå eggstadiet og til smolten er klare til å settast ut i elvane. Settefiskanlegget er ansvarleg for å oppfylle Statkraft sitt utsettingspålegg for elvane Toåa, Surna og Bævra 

Smolt frå 2022. Foto: B G Ansnes

Rossåa settefiskanlegg sett kvart år ut 35000 smolt i Surna, 10000 i Bævra og 2000 i Toåa. Smolten i Surna og Bævra er 0 pluss, 1 år og 2 år når dei blir sett ut. I Toåa er smolten 1 og 2 år, men her driv settefiskanlegget i tillegg med rognplanting i Toåa. Rundt 8 – 12% av den utsette smolten kjem att til den elva der dei vart sett ut, etter 3 – 4 år i sjøen.

Stamfisk frå 2021. Foto: B G Ansnes

«Kaffekrokens venner» fekk ei interessant og lærerik omvising på anlegget av Monika Klungervik og Bjørnar Aasbø. For Surna og Bævra har settefiskanlegget fått fram eigne stamfiskar som er på anlegget, medan det i Toåa foregår stamfiske kvar haust i elva.  

4 år gamal stamfisk. Foto: B G Ansnes

Stamfiskane gyter 3 – 4 gonger før dei blir skifta ut. Dette er for å unngå at det skal oppstå genetiske sjukdommar, kunne Monika fortelje. Utsettinga av smolt tek til om ei til to veker, så da blir det lite smolt på anlegget fram til hausten når gytinga tek til. 

John Moe las frå ein reportasje i Adresseavisa om smoltoppdrett i Todalen i 1880-åra, så vi var tidleg ute med oppdrett her. Foto: B G Ansnes

Talsperson for «Kaffekrokens venner» skrytte av anlegget og takka Monika og Bjørnar for ei interessant og lærerik omvising.  

 

 

 

Først publisert: 20. april 2024, 06:00 - Sist oppdatert: 19. april 2024, 20:25