Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bronse til Sindre Bruset i NM

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. april 2024

Sindre Bruset (20) frå Hjellen i Brusetgrenda har tysdag, i går og i dag, som ein av seks finalistar i sin klasse, delteke i NM for lærlingar og unge montørar i elektrikar- og telekomfaget, som vart arrangert av Nelfo (NHO) i Oslo. Sindre gjorde ein kjempefin innsats dei tre finaledagane, og kom til slutt på ein fin tredjeplass, og vart dermed bronsevinnar. 

Ein nøgd Sindre Bruset etter gjennomført NM-finale. Foto: Privat

Før dei tre finaledagane i Oslo, var det uttakskonkurransar over heile landet der lærlingar og nyutdanna elektrikarar deltok. Så berre det å kvalifisere seg til NM-finalen er ein stor prestasjon! Under finaledagane har finalistane konkurrert både i teoretiske og praktiske oppgåver.  

Eg er både overraska og godt fornøgd med resultatet eg oppnådde i NM-finalen, seier Sindre til Todalen.no. 

Sindre under ei av dei praktiske oppgåvene i NM-finalen. Foto: Privat

Sindre er til dagleg lærling hos Bratseth på Sunndalsøra, der han har vore sidan hausten 2022. 

Todalen.no gratulerer Sindre med god innsats og kjempefin plassering under NM!

 

Publisert: 18. april 2024, 15:34