Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

SJFF arrangerer jakt- og fiskeskule for barn og ungdom

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. april 2024

Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) arrangerte for første gong jakt- og fiskeskule i 2023. Dei gjentek suksessen frå i fjor, og har i år i tillegg teke med noko, samstundes som innhaldet er betra. Jakt- og fiskeskule (JOFS) er eit fritidstilbod for barn- og ungdom. Tilbodet består av fleire forskjellege aktivitetar som skal bidra til å skape eit levande lokalt miljø.

Nytt av året er at det er påmelding til kvart enkelt arrangement. Arrangementa er lagt inn i SJFF sin aktivitetskalender.

Første arrangement er i kveld klokka 18:00 på Angråmyra skytebane, der det er introduksjon i jaktskyting med salongrifle gjennom JOFS-programmet. Medlemmer kroner 0,- og kroner 30,- for andre. 

SJFF håper å sjå deg på angråmyra i kveld!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 25. april 2024, 10:27