Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vedaarbeid og mykje sosialt samvær

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 16. april 2024

I fjor haust og i vinter har det vore stor aktivitet med vedhogst og tømmerdrift på Talgø gård. I samband med at Sollid skog AS dreiv tømmerhogst i vinter vart det også hogd mykje ved. I tillegg har Kjell Gunnar Polden rydda skog oppover mot Svabu, Rydda bjørk rundt kokkhuset, og hogd older ved elvekanten, slik at folk kjem seg ned til elva.

Å sikre seg ved til neste vinter er viktig, men her er det nok ved for mange vintrar framover, så på Talgø gard blir det nok ikkje kaldt i husa dei neste vintrane.

Anders J. Halset var engasjert for å steike bakels. Foto: K G Polden

Arbeidet med å kappe, kløyve og å få veden i sekkar har gått føre seg ei stund allereie, men det er mykje att enno. – Det sosiale er minst like viktig som det å bli ferdig med veden, så vi stressar ikkje, seier Kjell Gunnar Polden. – Her får du alltid servert både kaffe og noko å bite i, sjølv om du berre kjem innom for å slå av ein prat, legg han til.  

I dag var ein gjeng samla for å nytte finvêret til litt vedaarbeid, og i dag var det lagt litt ekstra i serveringa, da Kjell Gunnar hadde fått tak i ein bakelssteikar, slik at arbeidsgjengen kunne få servert bakels med graut, noko som var populært!

Kjell Gunnar måler fuktigheita i veden, medan Nils Gjeldnes følger spent med. Foto: Privat

Kjell Gunnar driv også eiga forsking på kva for treslag som gjev den beste veden. Han påstår, ut i frå forskingsresultata sine at det er oldra som gjev den beste veden. Dette fordi oldra er lettast å hogge ned, lettast å kviste, kappe, kløyve og tørke. I tillegg er ved frå older den veden det blir minst rusk av, altså mest reinsleg, noko som er ein stor fordel for den som skal halde reint og vaske! Oldra er også ganske lett å tenne opp med, om veden ikkje er kløyvd i for store skier. Kjell Gunnar måler fuktigheita i veden ofte, og følger nøye med på kva for lagringsmetode og stad som gjev den best vedtørken. 

Publisert: 16. april 2024, 15:00