Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg medlemsmøte i pensjonistlaget

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. april 2024

Onsdag 17. april hadde Surnadal Pensjonistlag invitert sine medlemmar til medlemsmøtø i kantina på Surnadal sjukeheim. 

Praten gjekk lett rundt borda. Foto: Anne-Sissel U. Mogstad

Bitten Ranes leia dei rundt seksti frammøtte med stødig hand, og det var god stemning frå første stund.

Mange fine gevinstar til utlodninga. Foto: Anne-Sissel U. Mogstad

På programmet stod allsong, diktlesing, orientering om dei forkjellege aktivitetane pensjonistlager har å tilby, servering og utlodning.

Klart for kaffe! Foto: Anne-Sissel U. Mogstad

«Trekkplasteret» var nok Magne Løset frå Rindal, som fortalde artige historier frå heimkommunen. Det vart altså ei triveleg ettermiddagsstund for dei frammøtte medlemmane i Surnadal Pensjonistlag!

 

Publisert: 20. april 2024, 16:00