Alt tyder på at det er balsampoppel
Det er fleire som har respondert på kva slags tre som var felt på kyrkjebakken måndag. Svara er ganske eintydig, og går i retning poppel og da aller helst varianten balsampoppel.
Vi fann 3614 artiklar i dette arkivet.
Det er fleire som har respondert på kva slags tre som var felt på kyrkjebakken måndag. Svara er ganske eintydig, og går i retning poppel og da aller helst varianten balsampoppel.
Måndag kveld var det kamp mellom Søya/Todalen sitt G9/10 lag og Dahle G10 på Søyabanen. Trenarane var spente på om innsatsen og kjempinga frå siste kamp mot Surnadal ville fortsette denne kampen òg? Det vart tidleg klart at kristiansundarane var eit velspelande og ikkje minst samspelt lag som varta opp med god angrepsfotball. Dei var og effektive framom mål. Søya/Todalen spela seg og fram til mange sjansar, men der kristiansundarane fekk teljande resultat, vart det berre nære på for heimelaget.
Førstkomande laurdag, kl 13.00, vil det bli utstilling i Finstuå. Da vil Surnadal Kunstforening presentere fotografi av todalingen Reidar Østvik.
I dag måtte det store tuntreet på kyrkjebakkan i Todalen berre gje seg for overmakta. Entreprenøren Mesta frå Surnadal troppa opp med ei stor gravemaskin, og ein lastebil med container for å ta det store tuntreet. Det har stått der lenge – kanskje sia kyrkja vart bygd i 1861 – og var i ferd med å bli veldig stort. Kanskje var det råteskadd i kjerna også, og dermed ein farge for bygningar – både bårehuset og Svorkas transformatorstasjon var i faresona. Men eit av dei store spørsmåla star det att å få svar på – kva slags tre var dette, egemtleg?
Den siste sommarmånaden er ferdig, og vi skal finne ut hvilken fotograf som blir kåra til vinnar av månadens bilete for august. Sjølv om dagane blir kortare utover hausten, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag.
I dag kl. 12 spela Søya/Todalen G12 sin tredje og siste kamp for denne helga på Bryn kunstgress. Motstandar var Bryn G12. Kampen var lenge jamspelt, men heimelaget hadde mest krefter og avgjorde etter kvart kampen til sin fordel. Med tanke på at dette var tredje kampen på 24 timar, så er det nok ikkje så rart at kreftene etter kvart tok slutt for bortelaget. Marius Kvande scora bortelaget sitt mål.
Når ny kjøledisk skal inn i lokala på Matkroken er det naturleg å samle dei sterkaste karann i bygda, proklamerte handelsmann Nordvik da arbeidet starta straks før stengetid laurdag. Den gamle kjøledisken for frukt og grønt skal få avløysing og ny, større og meir moderne kjøledisk skal erstatte den gamle.
Det er meldt vind og regn til tysdag 8. ds, så vi sett ut «Fjellgruppeturen» til Grytbakksetra ei veke – til 15. september! Det melder Tor Asel, Brage og Kristian, som er vegvisarar på turen.
Torsdag kveld var det duka for sesongens første fotballkamp på Bordholmen. Heimelaget hadde fått besøk av Surnadal G10 1. Det vart ein jamn, og ikkje minst underhaldande kamp, som bortelaget til slutt vann med knappast moglege margin. Trym S. Kvendset var dommar og hadde full kontroll i ein lettdømt kamp. Mykje folk hadde møtt opp for å sjå på kampen. Ingunn Mikkelsen hadde ein stri tørn i kiosken med steiking og sal av bakels. Ho gjekk tidleg tom for bakels, så ho måtte konstatere at ho nok hadde kunne ha selt ein god del meir om ho hadde hatt meir røre, men ho hadde heldigvis andre varer som og fall i smak.
Bjørn Nes Kvande har sendt oss et par bilder frå G/J kampen mellom IL Søya og Kvass/Ulvungen. Stor innsats i ein forrykande kamp som endte med poengdeling.
Tysdag kveld 2. september arrangerte Trollheimen Sykkelklubb det årlege klubbrittet frå Nordvik til Kårvatn. Ikkje uventa var det Håvard Gjeldnes som nærast tangerte rekorden på tida 33,39 men Stig Mikkelsen var hakk i hel og kom inn på tida 33,42. Tredjeplassen kapra Eskil Håvik på tida 34,03.
Tysdag 1. september, var fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag på tur til Vassdalen i Vindøldalen. Det var nydeleg vêr og vi hadde ein skikkeleg fin tur! Anne-Sissel og Nils Mogstad har sendt oss blider frå turen, og det ser da reint så idyllisk ut. Og jammen hadde dei vêret med seg på turen denne gongen også – med klår haustluft som er med og gjer utsikta heilt unik.