Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det brenn i gamlestua på Talgø Gård

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. oktober 2020

Det brenn akkurat no i gamlestua på Talgø Gård. Brannvesen og politi er på staden og prøver å få kontroll på brannen. «Hovudfokuset akkurat no er å hindre brannen i å spreie seg til hovudhuset, noko det ser ut til at vi skal greie», seier lensmann Olav Halse ved Surnadal lensmannskontor.  

Som ein ser på biletet, så har brannen allereie gjort uopprettelege skadar på gamlestua og det brenn framleis kraftig. Brannvesenet konsentrerer seg akkurat no om å hindre brannen i å spreie seg til hovudhuset. Det er tydeleg å sjå at det har vore sterk varme frå brannen. Ingen personar oppheld seg i gamlestua eller hovudhuset då brannen tok til, har vi fått opplyst. 

Vi kjem attende med oppdatering om brannen så fort vi har fleire opplysningar. 

 

Først publisert: 2. oktober 2020, 13:37 - Sist oppdatert: 3. oktober 2020, 12:26