Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vipps og vinn med Saniteten – no er det innspurt!

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. oktober 2020

Sanitetens «Vippsbasar» pågår for fullt, og komande laurdag 3. oktober frå kl. 10.00 til kl. 15.30 treffer du loddselgarar på Matkroken Todalen.  – Men du treng slett ikkje møte opp på Matkroken i Todalen for å delta på «Vippsbasaren» – det er berre å gå inn på Vippskontoen din og finn «Basar Todalen Sanitetsforening» eller du kan bruke Vipps nr 534955 for å kjøpe lodd kvar du enn oppheld deg.

Kvart lodd kostar kr 100 og du skriv berre namnet ditt i meldinga når du betaler. Lodda blir så notert i kronologisk rekkjefølgje, slik at det blir rettferdig som om du står i kø for å kjøpe lodd. Da spelar det som sagt ikkje nokon rolle om du sit i godstolen heime – enten det er ein stad i Todalen eller om det er i Oslo, Trondheim eller ein annan stad.  (Sjølvsagt kan du betala med kontantar, men da må du møte opp på Matkroken – komande laurdag – det er siste sjanse! )

Og vinnarsjansen er god – når du kjøper lodd for kr 100 så er du med på trekkjing av alle dei flotte gevinstane i lotteriet!  – Kjøp og vinn du og!

 

Først publisert: 1. oktober 2020, 14:13 - Sist oppdatert: 2. oktober 2020, 08:37