Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening med «VIPPSBASAR»

Dordi Jorunn Halle Torsdag 24. september 2020

Kvar haust  bruker Sanitetsforeninga å arrangere basar i Sanitetshuset. Men på grunn av koronapandemien og smittevernreglar, blir det ikkje tradisjonell basar i år. Det blir «VIPPSBASAR».

Opplegget blir slik:

Det blir sal av lodd på Hals/Matkorken følgande dagar:

Fredag 25. september frå kl. 10.00 til 17.30

Laurdag 3. oktober frå kl. 10.00 til 15.30.

Men: Lodd kan også kjøpast ved å VIPPSE til Sanitetsforeninga.

Da er det viktig å hugse at ein skriv namn og talet på lodd i Vippsmeldinga.

VIPPS-nummer basar er: 534955

Pris pr lodd er 100 kroner. Da er ein med på trekking av alle gevinstane, altså er det berre fellesliste denne gongen, og ein kan ikkje kjøpe lodd på spesielle gevinstar.

Namn på loddkjøparane vil bli førte inn på namnelister i kronologisk rekkefølge.

Loddsalet startar fredag 25. september og blir avslutta søndag 4. oktober ved midnatt.

Trekking måndag 5. oktober, og trekkingsliste blir offentleggjort på todalen.no.

Sanitetsforeninga har alt teke mot mange fine og varierte gevinstar. I tillegg kjem det hagemøblar frå Talgø, kolonialkassar frå Matkroken Todalen og Coop Extra, Surnadal.

Mange gevinstar er alt på plass. Foto: Dordi J H

Viss nokon ønsker å støtte Sanitetsforeninga med gevinstar, kan dei leverast til Jorunn Hals Ørsal i Sanitetshuset. Ein kan ta kontakt med Jorunn på tlf. 942 78 914.

Medlemene i Sanitetsforeninga er spente på korleis resultatet vil bli, når det ikkje kan arrangerast tradisjonell basar med stor stemning og triveleg kaffelag i Sanitetshuset. 

 Men dei håpar på god oppslutning om VIPPSBASAREN!

 

 

Først publisert: 24. september 2020, 21:11 - Sist oppdatert: 25. september 2020, 07:29