Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dramatisk brann på Talgø Gard

Jon Olav Ørsal Fredag 2. oktober 2020

I ettermiddag har Gammelstua på Talgø Gard stått i full fyr, og brannmannskapa kjempa ein periode for å berge resten av bygningsmassen i gardstunet.  Hell i uhell gjorde at den sterke landvinden løya på litt da det brann som verst og saman med iherdig innsats av brannmannskapa redda nok det både hovedhuset, 2-3 uthus og ei gammel gardssag.  Det var ikkje folk heime da brannen starta, så brannen vart meldt av tilfeldig forbipasserande. 

Utover kvelden blir det ettersløkkjing og det er nok naudsynt med brannvakt ettersom det er meldt landvind vidare utover kvelden. Foto: Jon Olav Ørsal

Brannmannskapa frå Todalen brannvern var først på pletten og starta umiddelbart på slokningsarbeidet med tanke på å berge hovedhuset. Deira innsats var nok avgjrande for at brannen kunne avgrensast, slik at vi berga  hovudhuset, seier brannsjef Tor Arne Moen i Surnadal kommune.  Brannmannskapa frå Surnadal kom også raskt til brannstaden. – Vi var nok ekstra heldige at brannen vart meldt i arbeidstida, slik at deler av mannskapet berre hoppa i bilane og køyrte til Todalen når alarmen gikk, sa Moen. 

Dette kunne gått mykje verre. brannsjef Tor Arne Moen rosa innsatsen til det lokale brannvernet som var først på pletten Foto: Jon Olav Ørsal

Gammelstua på Talgø har den siste tida vore utleidd til eit par av dei tilsette ved Talgø Møretre, medan Anita Talgø sjølv bur i hovedhuset.  Det er enno for tidleg å spekulere i brannårsak, men det er vel rein rutinesak for politiet ett kvart.  Utover kvelden og natta må vi nok ha brannvakt som kan passe på eventuell oppblussing av brannen ettersom det er vind i meldingane utover kvelden og natta, sier Moen. 

Skrekk og gru for brann. Gudmund Kårvatn er nabo mot aust og bur eit kvarter lenger unna brannstasjonen. Eg tør ikkje tenkje på korleis ein brann kunne vorte på Kårvatn, seier han.     Foto: Jon Olav Ørsal

Skrekk og gru for brann, sier Gudmund Kårvatn som er næraste nabo i aust.  På Kårvatn ligg vi enda eit kvarters køyring lenger unna brannstasjonen.  – Vi har lenge ønska oss ei pumpe som vi kunne starta med sløkkjing av ein eventuelt brann, seier han.  Skal vi vente bortimot ein time på assistanse frå Surnadal er eg redd det berre blir for ettersløkkjing. 

Bildeglimt frå den dramastiske brannen på Talgø Gard – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. oktober 2020, 15:30