Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt trimår – ny trimpost

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. oktober 2020

Leiar i Todalen Idrettslag si Trim- og Allidrettsgruppe, Mari B. Redalen, fortel oss at det frå i dag (1.oktober) er utplassert nye bøker på Idrettslaget sine trimpostar. Så då er trimåret 2020/21 offisielt i gang. Idrettslaget har no 11 trimpostar etter at Ja-benken kom inn som den 11 trimposten i august i år. Så dette blir det første heile trimåret den trimposten er med. 

 Ved å klikke på lenkjene nedanfor får du all informasjonen du treng om kvar enkelt trimpost, før du tek på deg skoa og går dit!

I tillegg kan du gå inn på nettstaden Morotur for å finne informasjon om turar frå heile Norge. 

Utsikt nedover Todalen sett frå turen opp til Ja-benken. Foto: Elinor Bolme

Så då er det berre å finne fram turskoa og legge ut på tur! Dersom du skriv namnet ditt i bøkene på dei forskjellege trimpostane kan du bli vinnar av ein fin kopp for flest besøk, eller du rett og slett blir trekt  som ein heldig besøkande som har skrive namnet ditt i trimboka. Det blir altså delt ut kopp for flest besøk på kvar trimpost forutan at ein tilfeldig besøkande blir trekt ut på kvar post. Så det er totalt 22 koppar å «kjempe» om! Det einaste du må hugse er å skrive namnet ditt i trimboka slik at du blir registrert, når du besøker ein av trimpostane. Tidsrommet for registrering er 1.10.2020 – 30.9.2021. 

Elinor Bolme har sendt oss nokre fine bilete av utsikta frå Ja-benken som ho tok då ho var der og skifta ut trimboka i går ettermiddag.

Utsikt oppover Todalen sett frå turen opp til Ja-benken. Foto: Elinor Bolme

Då står det berre att å ønskje GOD TUR!

 

Publisert: 2. oktober 2020, 06:30