Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rapport frå Søya knøtt

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 1. oktober 2020

Vi har fått ein liten rapport om Søya Knøtt sin sesong frå Martinus Grønnes, der han oppsummerer årets sesong. Søya Knøtt består av dei fotballspelarane som er fødd i åra 2013 og 2014. I 2020 har dei vore totalt 15 spelarar på knøttelaget sine fotballtreningar denne sesongen. . 

Desse har vore med å trena gjennom sesongen: Anne Margrethe Søyseth, Tilde Berg Kvendset, Mali Grønnes, Henrik Moen Rodal, Sondre Nervik Grønnes, Adrian Vikan, Emmely Fiske Thunestveit, Marie Ulvund Nes, Per Anders Hønsvik, Arne Moen Rodal, Linus Wæge Glærum, Arvid Moen, Vilje Moen og Olav Kvande. 

Trenarar har vore: Helge Rodal, Torgeir Kvendset og Martinus Grønnes. 

Som alt anna dette året vart òg knøttelaget til Søya hardt råka av Koronasituasjonen. Dette gjorde at treningane kom seint i gang, ikkje før i juni. Det vart heller ingen turneringar, bortsett frå ei miniturnering i Surnadal. Grønnes rosar Surnadal for dette arrangementet. Å få på seg drakt og spele fotballkamp var skikkeleg stas og noko alle spelarane sette stor pris på. Treningsoppmøtet i knøttegruppa har vore bra gjennom heile sommaren og fram til siste trening den 30.september. Spelarane på knøttelaget er utelukkande frå «Søyaland», så dei har hatt alle sine treningar på Søyabanen. 

Spelargruppa har hatt ei god utvikling ferdigheitsmessig gjennom sommaren, så her er det håp om at det blir nokre nye «fotballstjerner» i framtida. No blir det vinterpause i treningane, med oppstart igjen til våren. Neste år får ein håpe på ein meir normalisert situasjon slik at det blir fleire turneringar å delta på og dermed få spele fleire kampar. Neste sesong håpar Grønnes òg å få med 1. og 2.årstrinna i Todalen, då Todalen ikkje har nok spelarar til å stille eige knøttelag i fotball. 

Takk til Martinus Grønnes for info og bilete. 

Publisert: 1. oktober 2020, 06:00