Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dagen derpå med skummel landvind

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. oktober 2020

Gjennom heile natta og utover laurdagen har det vore brannvakt på branntomta på Talgø Gard.  Det har vore ein skummel landvind som har auka i styrke utover laurdagen, og brannen har faktisk blussa opp litt eit par gonger i løpet av natta og morgontimane.  – Vi kjem til å plassere brannvakt her så lenge det er sjanse for at det skal ta fyr på ny, seier Håvard Stensønes som brannbefal i Surnadal kommune. 

Satt brannvakt: Utover formiddagen laurdag var det Per Gunnar Kjøstad, Bjørn Stortiset og Håvard Stensønes som satt brannvakt. I går kveld var det Kvanne brannlag og i natt Todalen brannlag som passa på. Så lenge det er sterk landvind må vi nok passe på til vi er sikre på at det ikkje blussar opp igjen, sa Håvard Stensønes.

Det er nok mykje brennbart stoff i den knøsktørre tømmerkassen, og vi skjønner at det lett tek fyr i vindkasta med fønvind frå søraust.  Laurdag var også firmaet Polygon på plass for å sikre branntomta med gjerde og for å starte arbeidet med skadebegrensing.  Mellom anna har det vore mykje røyk, og bruk av vatn og anna slokkeutstyr som pregar brannstaden.

På branntomta er det nok ein jobb for politiet som står att, der dei skal prøve å finne brannårsaka og kvar brannen har starta.  Det arbeidet startar ikkje før branntomta er heil avkjølt. 

Skadebegrensing: Roger Aspås og Olav Aarstad frå Polygon var på plass for å sikre branntomta og arbeidet med skadebegrensing – blant anna sjekke om det er vann eller røykskade. Foto. Jon Olav Ørsal

Restane av den stselege gammelstua på Talgø Gård. Foto: Jon Olav Ørsal

Vimpelen er nok godt gjennomsyra av røyk og sot. Foto: Jon Olav Ørsal

restane etter inngangspartiet på gammelstua. Foto: Jon Olav Ørsal

Heldigvis var det ikkje folk i husa når brannen starta, da dei 2-3 som budde der er tilsette i Talgø MøreTre var på jobb.  Talgø har sørga for mat, klar og ny bopel for dei, men dei mista nok alle eigedelar som dei hadde i gammelstua som altså brann ned fredag ettermiddag. 

Publisert: 3. oktober 2020, 11:33