Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3110 artiklar i dette arkivet.


Rådmannen tilrår høyringsrunde for endeleg avgjering om skulen si framtid

Elinor Bolme Fredag 7. september 2018

Neste torsdag er politikarane i Surnadal kommune innkalla til kommunestyre møte der tidlegare skulesak som vedrører viare drift av Todalen Oppvekstsenter. Det vart i vår vedtak om at ein rapport basert på både bygg, læring, næring og psykososialt miljø skulle framleggjast på haustmøtet torsdag 13. september.


Månadens bilete

Mari B. Redalen Sundag 2. september 2018

Vi er klare med månadens bilete kåring, bli med å stemma fram ein vinnar som får ei lita gåve fra oss.


Fleirkulturelle kvinnegrupper hausten 2018

Elinor Bolme Sundag 2. september 2018

Kyrkja i Surnadal inviterer til både bønnesamlingar, strikkekaffe og leksehjelp på Kyrkjelydshuset onsdager utover hausten. Leksehjelpa er for kvinner som går på Voksenopplæringa og i videregående skule, medan dei andre samlingane er for alle interesserte.      


Sjøsettinga er unnagjort – no blir forma finpussa

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. september 2018

Da er både «Hjelkånå» og «Fjordamerra» sjøsett i båthamna i Todalen og er på veg utover til Svinvika der rokonkurransen skal foregå.  Nå blir forma finpussa og båtane blir klargjort for konkurransen.  Familiedagen i Svinvika startar kl 13.00 og da blir det variert program utover dagen og ikkje minst servering av heimlaga fiskesuppe får Svinvik […]


Klar for Lykkestund fredag kveld

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. august 2018

Fredagskveldens Lykkestund nærmar seg med stormskritt, og i kveld trefte vi nokre av artistane som hadde rigga til utstyret og prøva lydforholda i Todalen ungdomshus. Onsdag kveld ligg det an til øving for heile gjengen, før det altså blir konsert fredag kveld. Dørene opnar kl 19 og konserten startar kl 20.00, fortel Svanhild Husby som er prosjektleiar og kapellmeister.


Opplevingsrik Årnes-dag

Bernt Bøe Måndag 27. august 2018

Grendene har sjel. Entusiastane på Årnes skapte igjen ein opplevingsrik laurdag – med setertur og kultursamling i den gamle skulestua.

Primus motor Svein Årnes i lag med vertinnene Karen Waag, Inger Haugen og Elsa Telstad Bøe pluss ei som vanleg gnistrande opplagt Gunn Signe Aarnes Nisja kunne glede seg over stappfullt grendahus og mange turgåarar.


Fotballglede i sentrum

Elinor Bolme Laurdag 25. august 2018

God og vel 500 små og ivrige fotballspelarar fordelt på 13 klubbar i alderen 6-12 møttes til nok ein vellykka Søyacup i dag. Og med 18 års erfaring i cuparrangement kan Leif Magne Andersen som er leiar i fotballgruppa konstatere at alt gjekk etter skjema, nok ein gong.


Koret Credo ønsker nye medlemmer velkomne

Elinor Bolme Laurdag 25. august 2018

Damekoret Credo startar no på nytt semester og vil gjerne ha fleire med. Koret øver kvar tysdag på kyrkjelydshuset på Skei frå kl.19.00 -20.30. Kantor  i Surnadal, Oddveig Helset Halle er dirigent og leiar for koret og ynskjer nye medlemmar velkomne i koret.


Stavgangarane på Ranessetra

Elinor Bolme Fredag 24. august 2018

I går var stavgangarane i regi Surnadal Pensjonistlag på ein fin tur til Ranessetra.  En bra gjeng dro av sted i det fine været.

På Ranessetra vart gjengen tatt vel imot og fekk servert nykoka kaffe fra svartkjelen og nista vart fortært.


Villaksarrangement for barn og unge

Elinor Bolme Fredag 24. august 2018

Surna Elveeierlag og fiskeutvalget i Surnadal Jeger og fiskeforening inviterer barn og ungdom til Villaksens dag i Skeishølen i Surna tirsdag 28. august kl 18.

Begge desse laga arbeider mykje med rekruttering i Surna og dette blir det siste av mange arrangementer i løpet av årets sesong.


Viktig med forsvarleg forvaltning i sårbare område

Elinor Bolme Torsdag 23. august 2018

I dag møttes Veneområdestyret for Trollheimen for haustens første møte. Dette var lagt til Todalen, og dagens første økt starta på Kårvatn med besøk hos Gudmund og Cathrine Kårvatn. Dei kom med fleire gode innspel på forvaltningsplana som berører framtidige besøk og dei planlagte innfallsportane som er under planleggjing.


Endringer i vannstand og vannføring i Toåa

Elinor Bolme Torsdag 23. august 2018

TrønderEnergi utfører for tida anleggsarbeid i Driva kraftverk. Tilløpstunnelen skal tømmas og kraftverket midlertidig stoppas. Regulerte bekkar og elver vil derfor bli midlertidig leda i sine opprinnelege elveløp.