Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Viktig med forsvarleg forvaltning i sårbare område

Elinor Bolme Torsdag 23. august 2018

I dag møttes Veneområdestyret for Trollheimen for haustens første møte. Dette var lagt til Todalen, og dagens første økt starta på Kårvatn med besøk hos Gudmund og Cathrine Kårvatn. Dei kom med fleire gode innspel på forvaltningsplana som berører framtidige besøk og dei planlagte innfallsportane som er under planleggjing.

Formålet

Medlemmene av styret skal i følge vedtektene forvalte verneområda i samsvar med internasjonale forpliktelser, naturmangfoldlova og verneforskriftene for det enkelte verneområde. Landskap og sårbare plantesamfunn er det verneområdet er til for. Styret behandlar derfor ulike saker som berører verneområdet, for eksempel transport til ulike formål som innhenting av vassprøver av vatn over 1000 meters høgde, varetransport og befaring til brear i forbindelse med auka smelting. I styret sitt representanter fra seks kommuner, to fylkeskommunar og resten interesseorganisasjoner. Totalt 16 medlemmer, der Ola T Heggem er leiar og Hege Sæther Moen er tilsett områdeforvaltar.

Den formelle møtedelen foregjekk på Gammelfabrikken til Talgø AS, og Karin Helen Halle og Lilly Husby frå Surnadal kommune presenterte Todalen og Surnadal. Karin bydde på alt det positive Todalen har å by på, medan Lilly Husby orienterte om mange av dei ulike prosjekta i plana for kultur og idrett. Da med spesielt fokus på den «nye» kavelveien på Eidet. Eit vidt prosjekt der  både riksantikvar, NTNU, fylkeskommunen og Husasnotra er engasjert.

Utfordringar på godt og vondt

Etter at StikkUt-turane har eksplodert i rekordfart ser både kommunane og verneområdeforvaltar Hege Sæther Moen ei belastningsauke i ulike områder. På begge sider av vernesona. Ho har derfor ved fleire anledningar anbefalt andre turar enn dei som har vore foreslått. Merking av stier og ulike turruter er også ei utfordring. Kven eig eigentleg merkinga og tiltaket på den enkelte stien, og kven er da ansvarlig for all denne merkinga?  Konklusjonen var derfor at verneområdestyret/forvaltaren må komme i dialog med de ulike dalene og områdene i verneområdet for å få ein litt bedre standard og kanskje på sikt få kontroll på alle dei ulike merkingene rundt om. 

StikkUt-entusiastar som er på Bjøråskaret melder tilbake til kommunen om utfordring med å finne bok og kodar, fortel Lilly Husby. Utfordringa her er at det ikkje er berre å ta seg til rette å ordne ny forankring til postkasse på toppen av verneområdet. Derfor er den litt lengre ned enn forventa.

Innfallsportane

Tanken bak desse innfallsportarne inn til verneområdet er å gi brukarane enda betre opplevelser i området. Her var styret samstemte i at det var viktig å samarbeide med grunneigarane og dei som driv turisme som kan bli berørt av økt ferdsel innanfor området. I Todalen var Kårvatn forelege som hovedinnfallskort en i kommunen, medan innspela halla til at kanskje Todalen skulle være punktet.

Lokasjon av eit fysisk startpunkt var kanskje ikkje det mest prekære meinte Eystein Opdøl. -No googlar folk om dei lurar på noko; «Innerdalen parkering». Dei kjøyrer ikkje til Ålvundeidet for å finne ut kvar dei skal parkere for å komme seg på Innerdalstårnet lenger. Tida med papirbrosjyrer og store infotavler ved rasteplassane er nok forbi, meinte han. Vi må tenkje digitalt og oppdaterte heimesider. Leiar Ola T Heggem måtte seie seg enig i det, men held fram med at prosjektet med Innfallsportane måtte på plass, sik at ein kunne generere midlar til dei som kunne tekje seg å vidareutvikle næringa si i områda. Forvaltar Hege Sæter Moen fekk derfor jobbe vidare med utkastet til neste møte.

Etter kvart finn du referat frå dagens møte her: Styredokument verneområde.

Ein lang dag vart etterkvart avslutta med middag på Todalshytta, før dei startar opp med befaring i Søyådalen etter frokost i morgon tidleg.

 

Publisert: 23. august 2018, 22:22