Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fotballglede i sentrum

Elinor Bolme Laurdag 25. august 2018

God og vel 500 små og ivrige fotballspelarar fordelt på 13 klubbar i alderen 6-12 møttes til nok ein vellykka Søyacup i dag. Og med 18 års erfaring i cuparrangement kan Leif Magne Andersen som er leiar i fotballgruppa konstatere at alt gjekk etter skjema, nok ein gong.

Dei yngste spelarane spela på 3’er banar. Desse er ein god del mindre, med vant i rundt. Det gjer at ballen «aldri» er ute, og ballen er i spel hele tida. Her var det full gass og mange mål etter kvart. 

Dei større ungane spela 5’er og 7’er på litt større banar. Med ca 70 lag er cupen fulltegna og det blir spela på heile 10 banar. -Vi har opparbeidd oss eit stabilt konsept etter 18 år no, og har så gode rutiner at dette går på skinner med alle våre frivillige som brukar både denne dagen, og dagane før for å få i havn arrangementet, fortel Leif Magne. 

Og fordi om det kom eit par regnskurer av dimensjonar så la ikkje dette nevneverdig dempar hverken på innsats eller fotballgleda rundt om på banane.

IL Søya er opptatt av at deltakarane skal få gode fotballminner. Derfor er dei veldig bevisst på at dei kun har vaksne som dommarar under turneringa. Her er det leiaren sjølv som er i aksjon og rettleier meir enn dømmer.

Under er eit rikhaldig bildegalleri frå dagen. Alle foto ElinorB

Publisert: 25. august 2018, 22:40