Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rådmannen tilrår høyringsrunde for endeleg avgjering om skulen si framtid

Elinor Bolme Fredag 7. september 2018

Neste torsdag er politikarane i Surnadal kommune innkalla til kommunestyre møte der tidlegare skulesak som vedrører viare drift av Todalen Oppvekstsenter. Det vart i vår vedtak om at ein rapport basert på både bygg, læring, næring og psykososialt miljø skulle framleggjast på haustmøtet torsdag 13. september. Rapporten er klar, og rådmannen foreslår ein høyringsrunde basert på fleire punkt som elevtal, gjenbruk og nye forskrifter både innan barnehage- og skuleområder.

Det er i samband med dette arbeidet også teke ein brannteknisk status på Todalen skule, med utbetringar som må gjerast innan 1-5 år, avhengig av alvorlegheitsgrad. Totale kostnader for dette er estimert til underkant av 1 million på 5 år. Rapporten ligg med i saksdokumenta, og er gjennomført av Firesafe AS avd Trondheim.

Ut i frå saksframlegget kan det dermed vere håp for å berge skulen, om ein klarar å snu nedgangen med både tilflytting og antall ungar i bygda.

 

Rådmannen si tilråding (direkte frå sakspapira):

Surnadal kommunestyre legg ut til høyring dette forslaget til vedtak:

  1. Dersom barnetalet ved Todalen barnehage blir fire barn eller mindre, blir Todalen barnehage samanslått med Stangvik barnehage frå 01.08 det året dette eventuelt skjer.
  2. Dersom elevtalet ved Todalen skule blir tjue elevar eller mindre, blir Todalen skule samanslått med Stangvik skule frå 01.08 det året dette eventuelt skjer.
  3. Dersom det blir ei samanslåing av barnehagen eller skulen, skal det lagast ei eiga sak om gjenbruk at barnehage- og skulebygget i Todalen.
  4. Ny forskrift for barnehagen sitt opptaksområde og ny forskrift for skulekrinsen skal utarbeidast og vedtakast om ei samanslåing blir aktuelt.
  5. Dette forslaget blir lagt ut til offentleg høyring, med ei slik framdrift i høve denne prosessen:

Dato

Kva

24.05.18

Kommunestyrevedtak
 Vedtak om utgreiing

13.09.18

Kommunestyremøte
 Leggjast fram ei utgreiing med ei tilråding til

eventuell høyring

13.09 – 13.11.18

Høyringsperiode

13.12 2018

Kommunestyrebehandling etter høyring

Publisert: 7. september 2018, 15:35