Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Koret Credo ønsker nye medlemmer velkomne

Elinor Bolme Laurdag 25. august 2018

Damekoret Credo startar no på nytt semester og vil gjerne ha fleire med. Koret øver kvar tysdag på kyrkjelydshuset på Skei frå kl.19.00 -20.30. Kantor  i Surnadal, Oddveig Helset Halle er dirigent og leiar for koret og ynskjer nye medlemmar velkomne i koret.

Ho understrekar at det ikkje er slik at koret syng kvar søndag i kyrkja på gudsteneste , slik mange kanskje trur sidan det er eit kyrkjekor. -Koret syng på salmekveldar og i forbindelse med konsertar i kyrkjene i kommunen vår og har som mål å synge ved ei gudsteneste  haust og vår. Har du lyst til å vere med i koret så er du velkomen oppfordrar ho.

 

 

Først publisert: 25. august 2018, 10:11 - Sist oppdatert: 24. august 2018, 18:15