Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3094 artiklar i dette arkivet.


Snorre Larsens minneturnering på Surnadal golfpark

Elinor Bolme Måndag 16. juli 2018

Laurdag samla Surnadal golfklubb 43 spelarar i forbindelse med Snorre Larsens minneturnering. Snorre var ein ivrig golfar, og var med og rekkruterte fleire yngre spelarar til golfklubben før han brått gjekk bort i fjor haust.


Hyttebok frå helvete

Steinar Hasselø Måndag 16. juli 2018

31. oktober kjem Are Kalvø ti Surnadal kulturhus med oppsettjinga si «Hyttebok frå helvete». Her får ein oppleve ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen.

Are Kalvø er ein nordmann som ikkje verkar. Han vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet, omgitt av fjordar og fjell som folk reiser halve kloden rundt for å oppleve, med turmuligheiter på alle kantar.


Åpe Sjøbruksmuseum, kvar søndag

Elinor Bolme Sundag 15. juli 2018

Bøfjorden Historielag er eit driftig lag som kvar søndag i sommarsesongen har ulike arrangement på   Sjøbruksmuseet. Her er det kaffe og småsalg, og av og til lokkar dei med søndagsmiddag. Vi har fått oversendt sommarens program, der dei fortel at åpningstida er frå 13-17 og dagens tema alltid byrjar klokka 15.   


Stadig fleire «sommarlesarar»

Steinar Hasselø Sundag 15. juli 2018

Det ligg an til at dei unge boklesarane i Surnadal vil slå alle rekordar i sommar. Så langt har dei som er med i «Sommarles»-kampanjen lese 132.075 sider.

Dei fleste biblioteka er med på «Sommarles», ein kampanje for dei unge som skal stimulere til å bruke sommaren til å lese.


Om 14 dagar brakar det laus

Elinor Bolme Torsdag 12. juli 2018

Annakvart år er det rolegare tider for Stangvikfestivalen og deira gode hjelparar. I desse dagar derimot, er dei i full gang med planlegging av dugnadskomitear, overnattingslokasjonar, fiskeburgarar, fotballturnnering og ikkje minst finpuss av programmet for den sjette festivalen i rekkja. Frå 26. – 29. juli. Hovedsakleg med lokasjon i Stangvika, men også med eit arrangement i Todalen som åra før.


Kladdekake på menyen

Elinor Bolme Laurdag 7. juli 2018

Kladdekake kalla dei kaka si dei to ungjentene som satt utanfor Matkroken og freista kundane på tur inn og ut i ettermiddag. Maria Kvendset Bergli og Ylva Synnøve Gjeldnes hadde teke seg tilrette på Sandstadkjøkkenet og trylla fram ei velsmakande sjokoladekake. Dei to er glade i å kokkelere, og kjem nok til å bli habile dugnadsbakarar om nokre år.


Kunstinteressert ungdom – sjå her!

Steinar Hasselø Laurdag 7. juli 2018

Jarl Goli kjem til Surnadal i midta av august og planlegg eit kinderegg av eit opphald. Og hans tredje ønske er spesielt med tanke på å få med seg ungdommane på noko spennande.

Jarl Goli er eit kinderegg i seg sjølv, da han er både bildande kunstnar, diktar og foredragshaldar. Det er mest den første utgåva vi vil møte i Surnadal i august.


Storsvert oppmøte, og fisken beit

Elinor Bolme Laurdag 7. juli 2018

Fredag kveld inviterte Surnadal jeger og fiskeforening til sjøfiskekveld på Nordvik. Og med rundt 35 unge deltakarar må det seiast at det vart rekordoppslutning. Alle mann fekk være med ut for å prøve fiskelykka på fjorden, og nesten alle båtane kom inn att med fangst i bøttene.


Vamp til Surnadal

Steinar Hasselø Laurdag 7. juli 2018

Det er bare et par år siden Vamp var på kulturhuset, og stemninga var så overveldende god at gruppa ville tilbake til Surnadal kulturhus igjen denne høsten. Det er det vel grunn til å tro at publikum også vil, for gruppa responderte med en fyrrig og sprudlende konsert av de sjeldne.



Sjøfiskekveld på Nordvik

Elinor Bolme Torsdag 5. juli 2018

I morgen ønsker Surnadal Jeger og fiskeforening velkommen til Fiskesommer og sjøfiske på Nordvik mellom klokka 19 og 21.

Som tidligere år inviterer de alle barn med foreldre for å fiske etter det havet har å by på. Alle vil få god hjelp fra de i Surnadal Jeger og Fiskerforening, slik at flest mulig av barna får fisk.


Kunstutstilling

Elinor Bolme Torsdag 5. juli 2018

Laurdag inviterer Elisabeth Marie Aas til kunstutstilling på Todalshytta. Utstillinga blir hengjande ut juli, og det blir naturlig vis mulegheiter for å kjøpe av billedkunsten.