Fjellgruppa feirar første sommardag med tur til Strengen
Bli med på tur til Strengen! Tysdag 1.juni feirar Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag første sommardag med tur til Strengen.
Vi fann 3679 artiklar i dette arkivet.
 
	Bli med på tur til Strengen! Tysdag 1.juni feirar Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag første sommardag med tur til Strengen.
 
	På ettermiddagen i dag tikka det inn ei skikkeleg gladmelding til alle som er kundar i Gjensidige Heim, Surnadal og Tingvoll. I meldinga heiter det at kundane i Heim, Surnadal og Tingvoll får 15 millionar til fordeling.
 
	Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag gjekk i går tur til Mulneset. Det var 25 deltakarar på turen. Deltakarane fekk ein fin tur etter ein tørr og fin sti med god utsikt utover fjorden. Stien frå Haltbakken og utover til Mulneset går gjennom eit frodig område med allsidig vegitasjon og skog med mange treslag. Turrapporten fortel at deltakarane storkosa seg i det fine vêret.
 
	I kveld var Start 4H ute og testa fiskelykka i Todalsfjorden. Gudmund K. Kvendset, Finn Ranes, Kjetil Sogge, Laila K. Bergli og Shan Allan Halle stilte med båtar, slik at det vart plass til alle 4H-arane. Todalt var det rundt 20 personar i dei fem båtane som drog ut for å freiste fiskelykka.
 
	Trimgruppa i Todalen Idrettslag lanserer, onsdag 26.mai klokka 18:00, sykkeltrim. Sykkeltrimmen er eit lågterskel-tilbod som passar for alle i alle aldrar og uanhengig av utstyr. Trimgruppa tek sikte på å ha sykkeltrim den siste onsdagen i kvar månad fram mot hausten/vinteren.
 
	Nils Gjeldnes har funne eit par solbriller på ein av benkane i Svinvikrunden. Solbrillene vart funne på ein av benkane når du har kome opp bakkane frå Svinvika, og vegen flatar ut. Solbrillene har svart innfatning med blåe glas.
 
	Mesta opplyser i ei pressemelding til redaksjonen, at det tysdag 25.mai, frå klokka 08:30, vil gjennomført asfaltering på fylkesvegen ved Pilskaret, ved Brusetbrua og på Todalsøra. Det vil vil i perioden asfaltarbeidet pågår bli redusert framkomelegheit, men med unntak av på Todalsøra vil det vere mogleg med omkøyring.
Ungdommar som fyller 17 år i år og er registrert busett i Surnadal kan søkje på ordninga «Sommarjobb-17». Hovudmålet er å gje ungdommane innsikt i arbeidslivet, og er å sjå på som ein introduksjon til arbeidslivet.
 
	Torsdag 20.mai tok stavgangarane turen til Hamnes. Etter parkering ved gården til Torstein Hamnes ble det vandring langs fjorden i retning Sandneset. Veien innover er ca. 2 km., og da ble det 4 km. totalt. Dette var en passelig gåtur på nesten 90 min. Torstein hadde stilt restauranten i det renoverte fjøset til disposisjon for kaffepause, noe vi satte stor pris på. Vi var så heldige at vi hadde med oss 15 elever fra Surnadal Videregående skole, og til alt overmål serverte de flotte og velsmakende muffins. Dette var så bra at det gjerne kunne vært dessert i 4-stjernes middag.
 
	22. – 27.mai deltek dei lokale kunstnarane Siri Skjerve og Brit Dyrnes på utstillinga «Årstider – Der jeg er», ved Hovedøya Kunstsal og Tegnerforbundets prosjektrom i Oslo. Bakgrunnen for utstillinga at dei to er med på utstillinga, er at Møre og Romsdal kunstsenter i november 2019, inviterte kurator Helga-Marie Nordby til å kuratere ei utstilling i Oslo med kunstnarar frå vestlandsfylka.
 
	Leiar i Todalen Idrettslag si Trimgruppa, Elinor Bolme, har sendt oss ein rapport og nokre bilete frå dugnaden på Jabenken i går kveld. Elinor skriv: – Når ein inviterer til dugnad i Todalen har det til dags dato, enno ikkje vore eit mislykka arrangement. Kveldens innvitasjon var faktisk så innbydande at den eine av deltakarane kunne fortelje at han mønstra opp ei veke for tidleg…
 
	Torsdag 20. mai sesongopnar Svinviks arboret. Frå 20. mai – 20. juni vil arboretet vere ope kvar dag mellom klokka 11:00 – 16:00, unntatt måndagar, da er det stengt. Arboretet vil vere ope heile pinsehelga, inkludert måndag 2.pinsedag.