Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye benkar på Jabenken

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. mai 2021

Leiar i Todalen Idrettslag si Trimgruppa, Elinor Bolme, har sendt oss ein rapport og nokre bilete frå dugnaden på Jabenken i går kveld. Elinor skriv: – Når ein inviterer til dugnad i Todalen har det til dags dato, enno ikkje vore eit mislykka arrangement. Kveldens innvitasjon var faktisk så innbydande at den eine av deltakarane kunne fortelje at han mønstra opp ei veke for tidleg…

Framme ved Jabenken. Foto: Elinor Bolme

– Så med 15 oppmøtte bærarar av materialer til sitjeplassar rundt bålplassen på Jabenken, vart det ikkje tunge børene på kvar enkelt. Og det var i grunnen heilt ok, da det er lett å få opp pusten i liene på Husby og Halle.

– Karane med mest og lengst erfaring starta opp med planlegging og bygging av benkane med ein gong dei kom opp. Damene i følget benytta dermed anledninga til å skøyte på turen og gå på nye stiar oppover mot Haltliberget. Her i liene på Husby og Halle er det som ellers i bygda mange stigar og gamle skogsvegar å følgje.

Litt planlegging og spekulering må til! Foto: Elinor Bolme

– Og når svippturen til damene var ferdig så var jaggu også benkbyggarane ferdige og kunne nyte både utsikt og vel gjennomført bygging.

Takk til Elinor for ein flott rapporten og fine bilete!

Neste arrangement i regi av Trimgruppa blir lanseringa av sykkeltrim onsdag 26.mai. Meir informasjon om dette kjem!

Nedanfor finn du nokre bilete til frå dugnaden i går kveld:

Publisert: 20. mai 2021, 05:00