Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

ÅRSTIDER – DER JEG ER! – Med lokale utstillarar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. mai 2021

22. – 27.mai deltek dei lokale kunstnarane Siri Skjerve og Brit Dyrnes på utstillinga «Årstider – Der jeg er», ved Hovedøya Kunstsal og Tegnerforbundets prosjektrom i Oslo. Bakgrunnen for utstillinga at dei to er med på utstillinga, er at Møre og Romsdal kunstsenter i november 2019, inviterte kurator Helga-Marie Nordby til å kuratere ei utstilling i Oslo med kunstnarar frå vestlandsfylka.  

Da utstillinga vart planlagt, var det ingen som da visste at vi skulle bli råka av ein pandemi, som har begrensa alle aktivitetar i over eitt år. Dette har sjølvsagt vanskeleggjort planlegginga av utstillinga, fordi kunstnarane var haimehøyrande i Møre og Romsdal, kuratoren på Fyn i Danmark og utstillinga skulle vere i Oslo. Så all samtalar og atelierbesøk har gått føre seg på Zoom og Facetime, medan årstidene har pasert utanfor vindauga. 

Utstillinga «Årstider – der jeg er», er eit forsøk på å føre desse samtalane saman, og å koble menneska i tid og rom, Møre og Romsdal, Fyn og Hovedøya, reflektere over nyansane i felles erfaringar, om nærvær til sine omgjevnader, om syklusar, gjentakingane i naturen, i eit menneskeliv og i historia. 

Gruppeutstillinga presenterer tolv kunstnarar med tilknyting til Møre og Romsdal fylke på Hovedøya i Oslofjorden. Eit av verka på utstillinga, installasjonen «Plommehagepartitur» Elida Linge og Mari Kvien Brunvoll, blir vist i Tegnerforbundets prosjektrom i same periode. 

For uten dei to lokale kunstnarane Siri Skjerve og Brit Dyrnes, deltek det 11 kunstnarar til frå vårt fylke på utstillinga. 

Kurator for utstillinga er Helga-Marie Nordby frå Oslo. Ho har brei erfaring og kompetanse frå mange kunstinstitusjonar, både i inn- og utland. 

«Årstider – der jeg er» har fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune og frå Norsk Kulturråd. 


Utstillingsperiode 22. mai – 27. juni 2021

Opningstider Hovedøya Kunstsal: torsdag – søndag kl. 12:00 – 17:00

Opningstider Tegnerforbundet: tirsdag – søndag kl. 12:00 – 16:00  

Det går ferge frå Aker brygge til Hovedøya kvar heile time. 

Publisert: 20. mai 2021, 13:00