Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svinviks arboret – sesongopnar torsdag 20.mai

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. mai 2021

Torsdag 20. mai sesongopnar Svinviks arboret. Frå 20. mai – 20. juni vil arboretet vere ope kvar dag mellom klokka 11:00 – 16:00, unntatt måndagar, da er det stengt. Arboretet vil vere ope heile pinsehelga, inkludert måndag 2. pinsedag. 

Rododendronblomstringa er i gang, og det er noko nytt å oppleve i hagen kvar dag!

I opningstida for hagen, er det òg open kafe der ein kan kose seg med kaffe og noko å bite i. Omvisingar kan bestillast og gjennomførast innafor dei gjeldande smittevernreglane.

Om du lurer på noko, så er det berre å ta kontakt. Kontaktinformasjon og anna informasjon finn du på «Svinviks arboret»

Du kan òg følge Svinviks arboret på «Svinviks arboret på facebook».

På grunn av begrensa kapasitet innandørs, satsar arboretet først og framst på utekafè i år. Kafeen kan du besøke òg utan billett, sjølv om dei sjølvsagt anbefaler å kjøpe billett og gå ein tur i hagen i same slengen når du først er der!

Dersom det assar betre å kome utanom denne opningstida? Da kan du kjøpe billett ved å bruke vipps ved inngangen og rusle ein tur på eiga hand. 

Opningstidene frå 21.juni og utover sesongen til sesongslutt i august, vil bli annonsert seinare.  

Svinviks arboret ønskjer alle velkomne!

Publisert: 19. mai 2021, 19:27