Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3445 artiklar i dette arkivet.


Stavgangarane tek turen rundt Bettennesset

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 20. september 2021

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag tek torsdag 23. september klokka 11:00 turen rundt Bettennesset. Parkering ved idrettsplassen. Nista blir innteken på låven til Helge Røv. 


To todalingar i «kongerekka» i Torvikbukt 6 topper

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 19. september 2021

I går gjorde Erik Kårvatn eit kjempeløp i Torvikbukt 6 topper, og skrieiv seg dermed inn i den såkalla «kongerekka», i det som blir kalla Norges tøffaste halvmaraton. «Kongerekka» er dei 10 beste tidene gjennom alle tider, i Torvikbukt 6 topper si historie. Løpet vart arrangert for første gong i 2004. I fjor var det Kristoffer Nordvik som gjorde eit kjempeløp og skreiv seg inn i «kongerekka». 


Kjempetid av Erik Kårvatn i 6 topper Torvikbukt

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 18. september 2021

6 topper Torvikbukt, som vart arrangert i dag, for attande gong sidan 2004, er kalla Norges tøffaste halvmaraton. Erik Kårvatn gjorde eit kjempeløp og sprang inn til beste juniortid gjennom tidene, og den 7. beste tida som nokon gong er oppnådd i løpet si historie. Erik vann juniorklassen og vart totalt nummer 4 i løpet, i sterk konkurranse med mange andre sterke utøvarar. Dermed er Erik inne på den såkalla «kongerekka», som er dei 10 beste tidene som er oppnådd gjennom historia i 6 toppar Torvikbukt. 


Lokal markering av eldredagen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. september 2021

Fredag 1.oktober markerer Eldrerådet og Surnadal Pensjonistlag den internasjonale eldredagen i Surnadal kommune. Først blir det foredrag om digitaliseringa innafor eldreomsorga. Dette skjer i Svorkasalen på Surnadal kulturhus klokka 13:00. Etterpå er det middag på Thon Hotell Surnadal. Det er montert teleslynge i Svorkasalen. 



Etter tordeværet vant månadens bilete for august

Mari B. Redalen Torsdag 16. september 2021

Ganske jevnt i toppen, men etter tordenværet av Torgunn Nordvik vant månadens bilete for August. Vi gratulerer med vinnarbilete og vil få levert ein kaffekopp til deg. Takk for alle bidrag som kjem inn til oss, vi tek gjerne imot fleire bidrag


Haustdagar i full gang på Syltøran

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. september 2021

I dag starta haustdagane på Byggmakker og Hageland i Surnadal. Butikkane var fullspekka av varer og gode tilbod av alle slag, og det gjekk an å gjera ein skikkeleg god handel.  Det dufta nysteikte bakels og nykoka kaffe og vart servert marsipankake til kundar som stakk innom.  Fredag og laurdag er det full rulle  hos «naboane» på Syltøran.  


Stavgang til Igltjønna

Sverre Kjølstad Torsdag 16. september 2021

Da vi satte kursen mot Rindal og Igltjønna var det lett regn i lufta, men da vi var klare for stavgang tok regnet slutt, og vi fikk en fin tur med behagelig temperatur og en disig sol. Oppslutningen var svært bra med 31 stavgangere og 11 fra Surnadal videregående skole. Det var et trivelig bekjentskap med gjestene fra skolen, og tradisjonen tro hadde de bakt velsmakende sjokoladekaker som de serverte til pensjonistene. Tusen takk for serveringen og et trivelig lag.


Fjellgruppa til Tverrlihytta

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. september 2021

I går var Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Tverrlihytta i Bøverdalen. Etter nokre turer med heller dårleg vêr, vart turen i går ein fin tur i strålande haustvêr, og heile 29 var med på turen! 


Bli med Fjellgruppa til Brokkelnebba

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. september 2021

Tysdag 21.september tek Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Brokkelnebba. Oppmåte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Kvennbøen. Det er bomveg på vegen opp til gapahuken. Det trengs «dugeleg» med mat og drikke, og det blir anbefalt å ha gode sko. 


Stortingsvalet i gang!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. september 2021

Da er Stortingsvalet 2021 i gang, òg i Todalen. Stemmelokalet i Todalen er i år lokalisert i lokala til Todalen barnehage. Stemmelokalet opna dørene klokka 12:00 og vil halde ope fram til klokka 20:00 i kveld. Det er i år totalt 235 personar, 130 menn og 105 kvinner, som har stemmeerett i Stortingsvalet i Todalen krins. På grunn av koronaen har folk vore oppfordra til å førehandsstemme før valdagen, så det er grunn til å tru at mange allereie har stemt. Da vi var innom stemmelokalet rett etter opning, var det like vel godt tilsig av folk som skulle stemme. 


«Skumringstimen» på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. september 2021

Torsdag 16.september klokka 14:00, kjem Teatret Vårt og skodespelarane Astrid Overaa og Peter Drabløs til Surnadal kulturhus, med teaterforestillinga «Skumringstimen». Da ei av målgruppene til dette teaterstykket, er dei som har hausta mest erfaring i det jordiske livet, og for å nå denne gruppa, har Surnadal kulturhus valt å prøve med «ettermiddagsframsyning» denne gongen.