Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Espen Lind kjem til Bøfjorden i haust!

Jon Olav Ørsal Sundag 3. april 2022

Er du fans av Espen Lind, så kan du få treffe idolet ditt på Leikarvollen Scene i Bøfjorden.  Da kjem han nemleg til Bøfjorden, og no kan du sikre deg billett til den kjente og kjære artisten.  Etter ein lang koronapause kjem Leikarvollen Scene no i gang at med ny konsert.

Espen Lind har vore artist i snart 30 år, med ein fenomenal produsent- og låtskrivarkarriere som inkluderer Taylor Swift, Lionel Richie, Beyonce, Jennifer Hudson, Train, Sissel Kyrkjebø og Ingebjørg Bratland for å nevne nokre få. No tek han med seg gitaristen Skjalg Raaen (Sambandet) og inviterer til ein akustisk aften på Leikarvollen Scene, laurdag 05.november!

Med på konserten er også gitaristen Skjalg Raaen Foto LS

Han har vunne 5 Spellemannprisar og hatt ein rekke hitlåtar i inn- og utland, og som artist har han turnert både solo og som ein del av superkvartetten Lind Nilsen Fuentes & Holm. Espen er også å sjå på TV kvar fredag kveld som mentor på TV2’s «The Voice».

No er det tid for solo intimkonsert som byr på eit gjenhør med eit knippe av Espens mest kjende eigne låtar, samt ein og annan hit han har skreve for andre superstjerner, alt ispedd anekdotar om låtane og historier frå eit langt liv i musikkens teneste.

Fullstendig solo er han riktignok ikkje, for med seg på scenen har han sin mangeårige medmusikant, den trønderske strengevirtuosen Skjalg Raaen.
Leikarvollen Scene ønsker velkommen til akustisk konsert!

Sett av kveld og stad:
Konsertdato: 05. november 2022
Stad: Leikarvollen scene, Bøfjorden

Publisert: 3. april 2022, 12:00